Nyhende siste

Først ute med kurs i kryptovaluta

I haust vert det første kurset i kryptovaluta arrangert på høgskulen i Sogndal. I følgje kommunikasjonsdirektør Helge Olsen har det nye kurset fått heile 65 søkjarar (Foto: Zach Copley/Flickr).

Sogndal: Kryptovaluta er ikkje som andre valutaer som ofte er trykt på papir. Bitcoin er ein elektronisk valuta. Studentane får ei innføring i kva Bitcoin er og den underliggande teknologien.

Designet til Bitcoin tillèt i følgje Wikipedia mellom anna anonymt eigarskap og anonyme overføringar av verdiar. Fråvêr av sentralstyring gjer det umogleg for styresmakter å manipulere verdien av den.

Høgskulen meiner at Bitcoin har opna for nye moglegheiter i den digitale økonomien, og difor får studentane innføring i valutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.

Forskar ved Vestlandsforsking, Svein Ølnes, skal stå for mesteparten av undervisninga. Han seier til nettmagasinet at han ønskjer at høgskulen skal vera tidleg ute med å tilby eit økonomibasert kurs i kryptovaluta og markere seg.

Ølnes seier han kjenner til kurs i kryptovaluta ved Universitetet i Oslo, men dette er reint IT-teknologisk.

Økonomikurset er opne for alle å følgja. Førelesingane vert strema på Internett slik at studentar kan følgje førelesingane medan dei går eller sjå opptak i ettertid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *