Nyhende siste

Inviterer til ope møte om utbyggingsplanane på bryggja

Tredje mai held Sogndal kommune og firmaet Lerum brygge ope møte om utbyggingsplanane på den gamle fabrikktomta. På illustrasjonen tenkt utsikt frå ei av leiligheitane (Foto: Veidekke bolig).

Sogndal: Bakgrunnen for møtet er detaljreguleringsplanen som er ute på høyring. Det er planlagt bygging av høgblokker på bryggja som ligg like ved dampskipkaien. Området har tidlegare vore nytta til fabrikklokale for syltetøyproduksjon.

Det var Veidekke som kjøpte tomta for nokre år sidan, og er største aksjoner i firmaet Lerum brygge. Dei neste største aksjonærane er Anders Fredheim, Luster sparebank og Indre Sogn sparebank.

Regionsdirektør i Veidekke eiendom, Pål Aglen, seier til nettmagasinet at dei har jamnt tilsig av nye interessentar, tross dei ikkje har byrjar marknadsføring av prosjektet enno. Aglen seier at dei på torsdag skal halda ope møte med kommunen om planene.

Møtet skal vera i kommunestyresalen frå klokka 18:00. Meir informasjon om møtet og detaljreguleringsplanen kan du sjå her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *