Nyhende

Taust frå Drange etter henleggelse

Nettmagasinet skreiv tidlegare om polititoppen og den tidlegare Selje-lensmannen som var sikta for valdtekt og familevald. Ikkje uventa vart saka henlagt. 

Kjetil Drange har vore meld også på 2000-talet for familievald. I alt har han vore involvert i minst tre alvorlege saker med tre forskjellige kvinner. Alle sakene har vorte henlagt.

Det var statsadvokat Jogeir Nogva som la vekk den siste saken før Riksadvokaten. Årsaka skal vere «bevisets stilling», noko som slett ikkje er uvanleg når polititoppar vert meld.

Bistandsadvokat for eine kvinna, John Christian Elden, seier til nettmagasinet her at dersom ikkje Riksadvokaten har fått det heile biletet, kan saka takast opp på nytt.

– Det er difor viktig at eventuelle andre erfaringar kjem fram i lyset med underretning til politiet, seier Elden.

Kjetil Drange har ikkje ville svare på spørsmål.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *