Nyhende

Sogningane fekk nytt show

I byrjinga av april fekk sogningane besøk av Jan Kjetil Smørdal og Cirkus Agora. Først på turnelista var aurlendingane, med sirkus på grusbana i Flåm. Deretter gjekk turen innom alle kommunane i Indre Sogn. På biletet publikumsfavoritt Sandra Quaiser (25) frå Tyskland (Foto: Arkiv/OYVNON).

SOGNDAL: Susann Smørdal seier til nettmagasinet at alt vår nytt i år. Ho kunne nemne mellom anna prisbelønna klovnar frå Spania som spelar levande musikk. Rivelinos-klovnane har opptredd på mange festivalar og sirkus rundt om Europa.

Ein av publikumsfavorittane er Sandra Quaiser frå Tyskland. Quaiser vert omtalt som luftens tyske prinsesse. Den spesielle lysekruna er det broren hennar som har laga, seier Smørdal.

Quaiser har dreve med luftakrobatikk i seks år og har turnert i både innland og utland. I Noreg reiser ho rundt med eigen familie.

Sirkuset skal halda på til september i år. Etter turneen i heimfylket går turen austover

Susann Smørdal, som er niesa til direktøren, seier det er kjekt å vera på heimebane, og for Jan Kjetil som får visa folk i Sogn og Fjordane kva dei har å by på. Dei melder også om eit strålande publikum.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *