Nyhende

Skyhøgt sjukefråvær ved NAV Sogndal

I følgje anonyme kjelder skal sjukefråværet ved NAV Sogndal ha vore over 40 % med mykje langtidsfråvær den siste tida. Leiar ved NAV Sogndal, Grete Hagen, har ikkje ville svare på spørsmål (Foto: Arkiv/OYVNON).

SOGNDAL: Direktør ved NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, stadfestar ovanfor nettmagasinet at fråværet er høgt. Thorsnes seier at gjennomsnittleg fråvær dei tre første månadane i år har vore 25 % for både statleg og kommunalt tilsette ved NAV kontoret som held til i kulturhuset.

For grannekommunen Leikanger er dei same tala 2,8 % for statleg tilsette og 0 % for kommunalt tilsette. Skilnaden mellom Sogndal og Leikanger er med det 25 % når det kjem til sjukefråvær.

Thorsnes hevdar at lite av sjukefråværet er arbeidsrelatert. Han seier at tilrettelegging og oppfølging vert drøfta i partnarskapen mellom stat og kommune.

TIPS REDAKSJONEN: Har du tips eller informasjon? Send gjerne anonymt i skjemaet eller på e-post til tips@oyvnon.com.

  • Oooops, vart det for alvorleg dette Øyvnon? Dei sjukmelde er den tidlegare gjengen frå Sogn Barnevern. Dei lagar spetakkel kvar dei går!!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *