Nyhende

Seksten nye statsborgarar i Indre Sogn

Laurdag 21. april arrangerte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane statsborgarseremoni for 77 nye statsborgarar frå 15 kommunar og 18 ulike opphavsland. Av desse var 16 frå Indre Sogn. På biletet fylkesmann Anne Karin Hamre og nokre av dei nye statsborgarane. (Foto: Maria Nesse Haugen / Fylkesmannen i Sogn og Fjordane). 

Sogndal:I alt hadde dei nye statsborgarane med seg over 170 gjester til seremonien som fann stad i Flora samfunnshus. I tillegg møtte fleire ordførarar og varaordførarar frå dei ulike kommunane.

I følgje Randi Bruheim som er rådgjevar hjå Fylkesmannen er dei nye borgarane fordelt slik:

Kommune Borgarar
Leikanger 1
Luster 4
Sogndal 8
Årdal 3

Innhaldet i seremonien er i følgje Fylkesmannen sin blogg mellom anna talar, musikk og truskapsløfte. Målet med seremonien er å feire overgangen til nytt statsborgarskap og ønskje dei nye borgarane velkomne inn i den norske fellesskapen.

Det var fylkesmann Anne Karin Hamre som leia arrangementet medan skribent Loveleen Rihel Brenna heldt gjestetalen. Brenna snakka om kor vanskeleg det kan vere å gje slepp på draumen om å ein gang returnere til heimlandet, men kor viktig det kan vere for å finne sin plass i landet som no skal bli den nye heimen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *