Nyhende

Opposisjonen vil ha svar på spørsmål

Opposisjonen i Sogndal kommunestyre meldte seint i går kveld inn spørsmål som rådmann og ordførar lyt svara på.

Lars Jostein Aanestad (56) som er rådmann i kommunen har med tida vorte særs omstridd, og har fleire ganger vorte teken i løgn. Arbeidarpartiet-ordføraren Jarle Aarvoll har også fått påpakningar for både feilinformering og tilbakehalding av informasjon.

SOGNDAL: I kommunestyret 26. april lyt duoen svara på ei rekkje spørsmål. Det er opposisjonen samla beståande av Kristeleg folkeparti, Venstre, Framstegspartiet og Høgre som står bak framlegget. Frå nokre av punkta går det fram at rådmann regelrett har bløffa til politikarane.

Følgjande spørsmål lyt rådmann svara på:

  • Den 11. juni 2015 spurde Karin Vikane rådmann om det var betalt ut erstatning til tilsette. Rådmann svara nei. Det kom seinare fram, gjennom Sogn Avis, at det rådmann svara Karin Vikane kan difor ikkje være rett.
  • Den 6. oktober 2016 spurde Karin Vikane rådmann om det var tilsette i Sogn barnevern som var utsett for mobbing og trakassering. Rådmann svara nei. Det kjem fram, i konklusjonen i rapporten frå Arbeidsmiljøspesialistene AS, at granskarane er av ei heilt anna oppfatning. Rådmann har erkjent at det har føregått trakassering når han betalte ut erstating til tre tilsette. Det rådmann sa til Karin Vikane er difor ikkje rett.
  • Rådmann hadde manglande fullmakt til å utbetale erstatning, men gjorde det likevel ved å belaste nabokommunane med kostnaden(skal være korrigert i ettertid). Kvifor gjorde rådmann det?
  • Rådmann seier at alle tilsette har forlate BV tenesta frivillig. Det er få, eller ingen, av dei totalt 18 tidlegare tilsette som har forlate tenesta frivillig i løpet av siste kvartal i 2015 og i heile 2016. Dei få som har «gått frivillig» har alle levert begrunna oppseiingar. Opposisjonen veit av den grunn, via Sogn Avis, at rådmann sine gjentekne påstandar til kommunestyret om at alle tilsette har gått ut av tenesta frivillig er ikkje sanne.
  • Rådmann opplyste, i siste halvdel av 2016, til alle kommunestyra i eigarkommunane til Sogn barnevern, at no er alt på stell i tenesta. Få veker etter dette, 6. september 2016, opna Fylkesmannen tilsyn for å granske om Sogn barnevern si tenesteyting følgde lovkrava. Fylkesmannen fann avvik på absolutt alle område, dvs. det vart først sagt 11 avvik som seinare gjekk ned til 8. Tilsynet avdekka ikkje berre alvorleg og omfattande fagleg svikt i tenesta, men og at det vart gitt grov feilinformasjon til kommunestyra frå rådmann rett før tilsynet.
  • Rådmann skriv, på nest siste side i si orientering til kommunestyret i 2016, om metodikken han og Hagevik har nytta for å få ro internt i Sogn barnevern i 2016. Var denne metodikken suksessfull?

Ordførar Jarle Aarvoll lyt svara på:

  1. Kjente ordføraren til at det var utbetalt erstatning til dei 3 tidligare medarbeidarane? Var det fleire ekstra kostnadar vedrørande desse tilsette? Kvifor vart ikkje kommunestyret informert før Karin Vikane spurte om dette den 11. juni 2015, og kvifor fekk ikkje Vikane svar på dette.
  2. Når kjente ordføraren til kor gale stoda var i SBV? Kvifor vart ikkje formannskapet og kommunestyret informert framfor å lesa om det i media ?
  3. Etter sommarferien 2015 vart ordføraren informert av 2 tilsette om stoda i barnevernet. Kvifor gjorde du ingen ting?
  4. Er det usemje om oppgjeret med Arbeidsmiljøspesialistane? Er alt arbeidet med rapporten overlevert?
  5. Er ordføraren samd med fylkesmann i at når ordføraren ga seg sjølv tilgang til rapporten, at han då samstundes åpna for at heile kommunestyret og skulle få tilgang til den? Vil ordføraren levere den ut no?

I tillegg kjem spørsmål frå FO.

Opposisjonen krev også at alle levande dokument får endringslogg, og at viktige dokument får linjenummer. Bakgrunnen for kravet er at opposisjonen vil følgje betre med på endringar i dokumenta.

Mangelfull protokollføring vert også trekt fram. Den samla opposisjonen skriv at referata frå kommunestyret og formannskapet er for ofte ufullstendige og knappe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *