Nyhende

Meiner usikra deponi utraderte rogn og yngel

Lærdal elveeigarlag går til sak mot Statens vegvesen etter at massar frå eit usikra deponi vart spylt ut i Lærdalselvi (Foto: screenpunk/Flickr).

Lærdal: Det var under storflaumen i 2014 at ei sideelv gjekk over sine breiddar og drog med seg massar frå eit deponi ut i Lærdalselvi. Deponiet stammar frå bygginga av Lærdalstunnelen, og er lagra i Tynjadalen.

Mark Brooks i elveeigarlaget seier til nettmagasinet at Statens vegvesen har no gjort ein stor innsats for å sikre deponiet på 1,6 millionar kubikk fra verdas lengste tunnel.

– Problemet er at dei ikkje sikra deponiet som konsesjonen tilsa då dei ferdigstilte tunnelen, seier Brooks.

Han meiner også at ingen har kontrollert eller revidert Statens Vegvesen.

Det var flaumen i 2014 som gjorde stor skade på deponiet og tusenvis av kubikk med urein masse vart spylt ut i elvi, og støypte att botnen.

Elveeigarlaget meiner at all yngel og rogn vart utradert som følgje hendinga.

Brooks seier at elveeigarlaget har stevna Statens vegvesen i påvente av analysar, og at dei sit på mykje fakta og dokumentasjon for dette.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *