Leiar Nyhende

Journalistpris for graving

Under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt årsmøte i Bodø fekk Sogn Avis journalistprisen for graving i Sogn barnevern (Foto: Arkiv/OYVNON).

I grunngjevinga uttalte LLA at kommuneleiinga står att utan ære – i motsetnad til avisa.

LLAs grunngjeving for prisen var:

«Mange journalistar har brent fingrane på å røre ved barnevernet. Det gjer det ekstra viktig med godt journalistisk arbeid på feltet.

I ein lang artikkelserie i Sogn Avis har redaktør Jan Inge Fardal gått systematisk til verks for å avdekkje tvilsame sider ved organisering og drift av Sogn barnevern; blant anna varslingssaker, omplassering av folk, mobbing, trakassering og sladda rapportar.

Det ligg eit uvanleg grundig og godt journalistisk arbeid bak sakene. Kommuneleiinga står att utan ære – i motsetning til avisa.

Sogn Avis fortener journalistprisen for 2017.»

Sogn Avis har henta mykje materiale frå nettmagasinet her til sine oppslag om Sogn barnevern.

Les også: Advokat-skandalen: – Svidde av 106 750 kr på journalist-hat

Les også: Ekspert: – Bryt lova ved å gjera kjøp under terskelverdien med årleg fornying

Les også: Hadle Blikra forsøkjer seg på sleipe knep

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *