Nyhende siste

I rute med utbygginga av hotellet

Hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm seier til nettmagasinet at alt er i rute med utbygginga av hotellet. Første mai neste år vert Quality Hotel i Sogndal det største hotellet i fylket (Foto: Quality Hotel Sogndal).

Sogndal: Etter utbygginga aukar kapasiteten med 111 nye rom, og hotellet får ein totalkapasitet på 226 rom. Prislappen for det heile er nær 180 millionar kroner.

Nybygget skal vera på seks etasjar og får ein konferansesal som skal ha kapasitet på over 500 personar.

Også reiselivsdirektør Ståle Brandshaug er begeistra for utbygginga. Han meiner at Sogndal er eit av knutepunkta med potensiale for heilårstrafikk og at Visit Sognefjord ser positivt på utbyggingsplanene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *