Nyhende

Avdekte vesentlege manglar i golvet

Gymnasebygget i Sogndal skal vera ferdigstilt desember 2018. Hausten var det funne manglar ved golv på grunn i bygget, som medførte riving (Foto: Illustrasjon/Statsbygg).

SOGNDAL: Det er høgskulen på Vestlandet som skal overta gymnasbygget mot slutten av året, og nytta det til å samla nokre fagavdelingar, og også få fleire grupperom til studentar.

I følgje Lisa Marie Krøvel som er assisterande prosjektleiar hjå Statsbygg, vil bygget verta rehabilitert til ein betre standard og tilpassast behova til høgskulen.

–  Det vart hausten avdekt vesentlege manglar ved golv på grunn i bygget, noko som medførte riving og oppbygging av ny golvflate. Ved riving av golvet måtte også alle lettveggar rivast, seier Krøvel.

Meirarbeidet fører også til at prosjektet vert dyrare.

Sekstitalsfasaden skal verta bevart, og bygget får nye tekniske anlegg og vert meir moderne med nytt brukarutstyr og nye overflater. Vindauge skal også bytast ut til dagens standard.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *