Nyhende

Yngve Hallén og Per Odd Grevsnes fekk unik særbehandling av kommunen

NETTVERK: På biletet sit Yngve Hallén saman med den omstridde Arbeidarpartiet-ordføraren Jarle Aarvoll. Til venstre for Hallén sit Kari Anne Kirsebom Strandman som arbeidar i kommunen og har ymse posisjonar i Hodlekve-prosjekta, og heilt til venstre Tor Yttri som er gift med fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre. (Foto: Arkiv/OYVNON).

Sogndal: Det var i august i fjor at Hallén sendte søknad om skjenkeløyve for firmaet «Dalalåven». I følgje søknaden er «Dalalåven» eit servicebygg i Rindabotn med nær tilknytning til skisenteret sine aktivitetar.

Bak firmaet står Sognefjorden Utvikling med Even Hegbom, og Bratt Moro der Hallén er dagleg leiar, med styreleiar Yttri, og også Strandman som styremedlem. 

I søknad skreiv Hallén at bygget vil innehalde areal knytt til skiheisane, skiutleige, kontorlokale og ein restaurant. Eit stort lokale skal fungera som arrangementsrom.

Det vart vidare skrive at det på teiknebrettet er planlagt sommaraktivitetar som sykling, rulleski og vandring, og at for utviklinga av moderne fasilitetar er firmaet avhengig av drift heile året.

Fekk skjenkeløyve utan kunnskapsprøve

Ti dagar etter at søknad var sendt fekk Hallén skjenkeløyve med Grevsnes som skjenkestyrar, og seg sjølv som varaskjenkestyrar. Dette utan kunnskapsprøve.

Nettmagasinet ringte sakshandsamar Jens Øyrehagen i Sogndal kommune for å høyre om praksisen. Først sa Øyrehagen at kompetansebevis lå ved søknad, men den var unnateke offentlegheit. Då redaksjonen seier det ikkje var tilfelle kom Øyrehagen med ny forklaring:

– Søknad om skjenkeløyve vart handsama som ei prinsipiell sak fordi løyvet måtte vera på plass for at firmaet skulle få finansiering til å byggja, seier han.  

Med andre ord er løyvet ein føresetnad for drift. Øyrehagen kjenner ikkje til liknande saker i kommunen.

Undersøkingar nettmagasinet har gjort viser at det ikkje finst liknande eksempel i Noreg. Derimot finst det mange eksempel på avslag nettopp på grunn av manglande kunnskapsprøve.

I skjenkeløyvet til Hallén vert det derimot stilt krav om dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve før løyvet vert teke i bruk.

Kommentarar

Redaksjonen erfarer at det er lett å ta teoriprøven og få kompetansebevis for skjenkebevilgning, men lovverket må vera likt for alle. Her driv kommunen positiv særbehandling ovanfor lokale samfunnstoppar. Andre som ville søkt om liknande ville derimot fått umiddelbart avslag.

Redaksjonen har også spurt det lokale politiet om kvifor dei gjev klarsignal til mangelfulle søknader. Sogndal-lensmann Inger Lill Lanes som elles brukar svare raskt på førespurnader, har ikkje vore råd å få kommentar frå i denne saka.

Redaksjonen oppmodar imidlertid Lanes å senda eit debattinnlegg om korleis dei forheld seg til regelverket og krava om likebehandling.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *