Nyhende

Kjøpte arkitekttenester for nesten ein million

Sogndal kommune kan vera involvert i ny innkjøpsskandale med ulovleg direkte anskaffelse. Nyleg vart det avslørt at kommunen betalte ut 3,5 millionar kroner utan anbod til eit Førde-firma. Leiande juridiske ekspertar var då klare på at innkjøpa var ulovlege (Foto: Arkiv/OYVNON). 

Nye tal nettmagasinet har fått tilgang på viser at Arkitektkontoret 4B i Sogndal har fått utbetalt 973 724 kroner dei siste fire åra frå kommunen, og i alt 2 082 426 kroner siden 2008.

Det er tidlegare varaordførar (SV) i kommunen, Heidi-Kathrin Osland, som er dagleg leiar i firmaet.

Osland påstår i e-post til nettmagasinet at «grensa for rammeavtalar er 500 000 kroner», og at Arkitektkontoret 4B aldri har vore over beløpet i perioden 2008 og fram til i dag.

Nyleg vart det klart at fylkeskommunen braut innkjøpslova når dei kjøpte reinhaldstenester til Sogn jord- og habebruksskule. Den årlege anskaffelseskostnaden for desse tenestene har lege på om lag 200 000 kroner.

Osland vedkjenner at Arkitektkontoret 4B ikkje har nokon rammeavtale med kommunen, og kommunen sjølv har stadfesta at det ikkje føreligg verken rammeavtale eller anbod på tenestekjøpa.

I følgje Osland har arkitektkontoret levert pristilbod «på kvart enkelt prosjekt». Ho meiner også at kommunen til kvar tid følgjer gjeldande lover for offentleg anskaffelse.

Juridiske ekspertar som har sett på tenestekjøp i Sogndal kommune er av anna oppfatning.

Nedanfor følgjer utbetalingar frå Sogndal kommune til arkitektkontoret.

År Sum
2008 359 939 kr
2009 141 527 kr
2010 130 562 kr
2011 240 881 kr
2012 85 375 kr
2013 137 950 kr
2014 363 477 kr
2015 179 366 kr
2016 11 512 kr
2017 431 837 kr
  • Eit openbart lovbrot. Alt over 100.000 er i grenseland, og krev tre innhenta tilbod. Dessutan er ikkje kravet til rammeavtale 500.000 per år heller, slik Osland prøvar å vri det til. Her skulle det ha vore stilt krav om rammeavtale allereie i 2009 slik beløpa hopar seg opp over tid, og jobben i 2008 skulle ha vore ute til 3 tilbodsgjevarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *