Nyhende

Slik vart Blikra avslørt

Nettmagasinet kunne onsdag 21. februar avsløre at det var barnevernsleiar i Sogndal kommune, Hadle Blikra, som stod bak eit omstridd varslarbrev. (Foto: Arkiv/OYVNON).

«Varslarbrevet» kom kort tid etter at fleire politikarar hadde stilt kritiske spørsmål om mellom anna måten verksemda han leiar er dreven på, og habiliteten til ein leiar som kjøper tenester for over ein halv million kroner hjå eigen ektefelle.

I forsøk på å diskreditere politikarane oppretta barnevernsleiaren den anonyme e-postadressa anonymvarslar@gmail.com, der han sendte ein e-post med tittelen «Varsel i medhald av arbeidsmiljølova om kritikkverdige forhold i Sogndal kommune».

E-posten vart sendt til Arbeidarpartiet-ordføraren i kommunen og alle medier i Indre Sogn, med kopi til den kontroversielle rådmannen Lars Jostein Aanestad. Frå tidlegare er det kjent at Sogn barnevern i lang tid har hatt store problem som er skapt av leiinga.

No viser det seg at også Blikra, som er barnevernsleiar i kommunen, forsøkjer manipulere dei demokratiske prosessane. Dette ved å opprette anonym e-postadresse, og angripe politikarar som stiller kritiske spørsmål. Blikra gjer meir enn det. Han lyg på direkte spørsmål frå media.

Blånekta – avslørt av metadata

Blikra sjølv blånekta før helga at han er avsendar av e-posten.

Undersøkingar nettmagasinet har gjort viser at anonymvarslar@gmail.com er sendt frå ein SAMSUNG SM-G955F mobiltelefon i Lærdal. Undersøkingar viste også at geografien stemmer.

Redaksjonen har i tillegg fått innsyn i faktura som viser at den nemnte mobiltelefonen er kjøpt inn til barnevernsleiaren.

 

Les også: Hadle Blikra forsøkjer seg på sleipe knep

Les også: Advokat-skandalen: – Svidde av 106 750 kr på journalist-hat

 

  • Hei.
    Kanskje dere kan fortelle litt mer detaljert hvor i metadataene det vises at det er en slik telefon dere sier?

  • Nei, vi gjev ikkje detaljert informasjon om framgangsmåtar.

    Aktuelle data som viser telefon er mellom anna: Mozilla/5.0 (Linux; Android 7.0; SAMSUNG SM-G955F Build/NRD90M) AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko) SamsungBrowser/6.2 Chrome/56.0.2924.87 Mobile Safari/537.36

  • Hei igjen.
    Etterlyser mer info om hvordan dette avsløres i mailens metadata. Er det headeren det da snakkes om?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *