Nyhende

Politiets innsatsleiar utnytta kvinner i sårbar situasjon seksuelt

UTNYTTA KVINNER: Det var politiets innsatsleiar i Karmøy, Odd Gunnar Sandhåland (49), som utnytta kvinner i sårbar situasjon seksuelt. Personen på biletet har ikkje noko med saka å gjere (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3/Flickr).

Til tross for at Sandhåland er gift og har forsørgelsesbyrde for fire born, tok seksualdrifta overhand. Han brukte like godt stillinga si som innsatsleiar i politiet til å utnytte kvinner i sårbar situasjon for å tilfredsstille seg sjølv seksuelt. 

Ville ha tilsendt bilete av 56 år gammal Karmøy-kvinne han «kunne nyte»

Ei av kvinnene politimannen pressa seg på var ei ti år eldre kvinne, som i dag er 59 år gammal.

Kvinna var inne på Karmøy lensmannskontor for å melda tjuveri av ein tilhengar. Kvinna fortalte i avhøyret at det kunne vera ex-sambuaren som hadde reist med hengaren, etter det ho omtala som eit vanskeleg sambuarforhold.

Politimannen Sandhåland sa til kvinna at ho «ikkje burde halde seg med slike mannfolk», og at «ho burde finna seg noko betre». Sandhåland viste då til seg sjølv som ein bra mann, tross han var gift og hadde fire born ventande heime. 

Same dag kvinna hadde meldt frå om hengaren sin fekk ho 70 SMS frå Sandhåland, med spørsmål om ho ville bli massert. Han oppmoda også kvinna å sende bilete av seg sjølv han «kunne nyte».

Seinare oppsøkte han kvinna i sin bopel, der han skal ha byrja med massasje, før han hadde samleie med kvinna.

Utnytta polsk kvinne som skulle hente urne til ektemann som hadde teke sjølvmord

Tidlegare utnytta han også ei polsk kvinne (49) som kom til Noreg for å hente urna til ektefellen, Leszek Statkiewicz (46), som vart funnen daud nokre månader før. Statkiewicz hadde teke sjølvmord.

Då Statkiewicz var meldt sakna deltok Sandhåland i arbeidet med søk. I samband med tenesteoppdrag oppsøkte han kvinna og heldt seg i kontakt med ho ved å senda påtrengande SMS. Før kvinna reiste attende til Polen hadde han seksuell omgang med ho.

I følgje dommen hadde Statkiewicz vore ektefelle til kvinna i 26 år, og nyleg teke sjølvmord. Det var berre gått nokre dagar etter at leitemannskapa hadde funne han at Sandhåland kontakta kvinna. Kvinna skal ha forklart at ho tenkte på sex som ei form for «flukt frå dei vonde tankane».

Sandhåland fekk i januar i år ein dom på nokre få månader i fengsel, og vil i praksis vere ute før sommaren.

Les også: Politibetjenten Zlatko Batarilo brukte politiet sitt register til ulovleg snoking 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *