Nyhende

Politibetjenten Zlatko Batarilo brukte politiet sitt register til ulovleg snoking

Det er Zlatko Batarilo, per i dag tilsett som politibetjent ved Politiets utlendingseining i Oslo, som misbrukte tilgangane sine til å snoke i politiet sitt datasystem (Foto: Science Photo/Fotolia).

Nettmagasinet har tidlegare skreve om ein aukande ukultur for journalsnoking. Blant anna utnytta ein seksjonssjef i NAV tilgangane sine til å gjere oppslag på kjendisar og naboar. Seinare vart også ein annan NAV-sjef teken i snoking, då for å snoke på eigne kollegaer.

Les også: Ny NAV-sjef teken for snoking

Les også: «Snokesjefen» i NAV var leiar av juridisk seksjon

– Arbeider fortsatt hjå Politiets utlendingseining

Zlatko Batarilo er fortsatt i full jobb hjå Politiets utlendingseining. Det til tross han er tiltalt for ulovleg journalsnoking, og har gjort over 70 ulovlege oppslag utan tenestleg behov. I NAV har etter det nettmagasinet kjenner til tilsette fått avskjed for slike ulovlege handlingar.

Nettmagasinet har ikkje greidd få Politiets utlendingseining i tale på kvifor Batarilo fortsatt har stilling der.

Flesteparten av søka gjorde Batarilo på eigen bustadadresse. Han skal også ha gjort søk heime hjå ei kvinne i 30-åra med asiatisk etnisitet. I tillegg til å ha gjeve kvinna opplysningar frå registeret, lot Batarilo kvinna fotografere eit signaleringsfoto av ein mistenkt person.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *