Leiar Nyhende

Ingen tvil om at Frode Berg gjer oppdrag for norsk etterretning

NEKTAR GJE INFORMASJON: Den spionsikta nordmannen og tidlegare grenseinspektøren Frode Berg frå Kirkenes kunne lagt korta på bordet, men gjorde ikkje det. (Foto: Facebook).


Saka rulla opp i desember i fjor då nordmannen vart pågripen i Moskva. Russisk etterretning legg ikkje skjul på at dei har helde Berg under oppsyn over lengre tid.

Les også: Frode Berg sikta for å ha betalt agent for norsk etterretning (Nrk)

Berg er sikta for å betale eit mellomledd i norsk etterretningsteneste. Han skal ha betalt for å motta informasjon om mellom anna russisk marine.

Som tidlegare grenseinspektør er Berg godt trent i å motstå ymse teknikkar for avhøyr. Han var også lur nok til å markere seg som «Russland-venn», men blåaugd nok til å tru det ikkje vart gjennomskua. 

Berg kunne ikkje opptre meir upatriotisk enn då han reiste med 3 000 euro, eit beløp som tilsvarer 30 000 norske kroner, for å betale mellomledd i norsk etteretningsteneste som i sin tur spring ærendet for amerikanske styresmakter.

Det er også kjent at Berg fleire ganger tidlegare har reist til Moskva. Kor mykje pengar han har reist med desse gangene veit ein ikkje enno.

Send tips i saka

REDAKSJONEN ØNSKJER TIPS: Har du tips om Frode Berg sitt nettverk eller kjenner til anna informasjon, så kontakt redaksjonen på tips@oyvnon.com eller send informasjon og filvedlegg i skjema. Det vil verta betalt dusør for gode tips.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *