Nyhende

Kjøpte utgreiingar for millionar

Eit ekspertutval leia av Terje Hagen rår til flytting av 5000 arbeidsplassar til fylkeskommunane (PDF-rapport). Dei statlege organisasjonane IMDi, Kompetanse Norge, Siva, Statped og Distriktssenteret er tilrådd nedlagt. Hagen er professor ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo. (Foto: Arkiv/OYVNON).

Nettmagasinet er i gang med å lage eit oversyn som viser korleis pengane vert brukt i dei statlege organa, og har begjært innsyn i rekneskapen på bilagsnivå.

Førebels er det IMDi (Excel-fil), Statped (Excel-fil), Distriktssenteret (Excel-fil) og Kompetanse Norge (Excel-fil) som har besvart innsynsbegjæringen.

Når data kjem frå Siva vil det verta utarbeidd eit oversyn som viser kor mykje som går til ulike tenester, men også konsulentkjøp, leiarutvikling, kurs og eventuelle tilskot.

Ut frå Distriktssenteret sin rekneskap er det mellom anna kjøpt «utgreiingar» for fleire millionar kroner i fjor. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *