Nyhende

Hadle Blikra forsøkjer seg på sleipe knep

IKKJE FULLT SÅ ANONYM: Klokka 13:43 søndag 18. februar sendte barnevernsleiar Hadle Blikra e-post frå anonymvarslar@gmail.com med tittelen «Varsel i medhald av arbeidsmiljølova om kritikkverdige forhold i Sogndal kommune» (Foto: Arkiv/OYVNON).

Målet til barnevernsleiaren var eit velregissert angrep på opposisjonspolitikarane i Sogndal. Fleire av politikarane hadde stilt kritiske spørsmål om mellom anna måten verksemda han leiar er dreven på, og habiliteten til ein leiar som kjøper tenester for over ein halv million kroner hjå eigen ektefelle. 

Undersøkingar redaksjonen har gjort viser at e-postadressa anonymvarslar@gmail.com er lest frå ein Samsung SM-G955F mobiltelefon i Lærdal.

Det som er sikkert er at Blikra tek det politiske klimaet i Sogndal ned på eit enno lågare nivå. Frå før er det kjent at den omstridde rådmannen og Arbeiderpartiet-ordføraren driv desinformasjon av medlemmane i kommunestyret, gjev dei feilpresentasjon av fakta, og held attende informasjon.

No viser det seg at også leiarane på lågare nivå i Sogndal kommune driv med sleipe knep. Dei oppretter anonyme e-postadresser og sender lange sytebrev og rakkar ned på opposisjonspolitikarane, i hensikt og påverke politikken.

Mest av alt viser handlingane til Blikra at ukulturen i Sogndal kommune regjerer som før.

Her er e-posten til Blikra alias «anonymvarslar»

Sogndal kommune,
ved ordførar Jarle Aarvoll
Postboks 153
6851 Sogndal

Varsel i medhald av arbeidsmiljølova om kritikkverdige forhold i Sogndal kommune

Mi varsling gjeld moglege brot på fleire av arbeidsmiljølova sine føresegner, og er retta mot arbeidsgjevar ved kommunestyrerepresentantane Arnt Hovland Munthe (H), Rita Navarsete (FrP), Karin Vikane (H) og Arne Glenn Flåten (H). Kommunestyret har det øvste arbeidsgjevaransvaret i kommunen, jf. kommunelova § 6, og dei fire nærare namngjevne representantane har såleis eit kollegialt arbeidsgjevaransvar som nemnt i arbeidsmiljølova § 1-8 (2).

Som arbeidstakar i Sogndal kommune er eg redd for gjengjelding og personleg merksemd ved ei varsling, og eg har difor vald å nytte meg av å varsle anonymt, jf. punkt 5 i Sogndal kommune sine rutinar for intern varsling. Varslinga mi er ikkje partipolitisk vekta, og eg har sjølv ingen politisk tilknyting. Avgjerda om anonymitet er også teke med grunngjeving i at Sogndal SV synest å vere kritisk til at tilsette har varsla eksternt til FO sitt etiske utval om opplevde kritikkverdige tilhøve mot tilsette i Sogndal kommune, jf. «Skriv og meldingar» og munnleg handsaming av SV sitt spørsmål i kommunestyret den 15. februar.

Varslinga omhandlar kva som vart uttrykt og formidla av dei fire nemnde representantane for arbeidsgjevar i kommunestyremøte den 15. februar 2018. Innhaldet er dokumentert gjennom filmopptak og er tilgjengeleg på internett (YouTube). Som arbeidstakar varslar eg om moglege brot av arbeidsmiljølova sine føresegner § 4-3 (1) og (3).

I møte vart kommunen sitt reglement for politisk organ brote, jf. punkt 3.5.

I medhald av arbeidsmiljølova § 4-3 (1) skal arbeidstakar sin integritet og verdigheit ivaretakast, og etter lova § 4-3 (3) skal arbeidstakar ikkje utsetjast for trakassering eller anna utilbørlig åtferd.

Under punkt 3 i «Skriv og meldingar» hadde representanten Arnt Hovland Munthe eit innlegg der innhaldet i eit eksternt brev skildrar ein identifiserbar tilsett i Sogndal kommune. Munthe karakteriserte innhaldet i brevet som objektivt korrekt. Munthe stilte så spørsmål om skildringa av den tilsette var i samsvar med kommunal instruks for folkeskikk og forventa oppførsel frå kommunalt tilsette.

Munthe sine utsegn syner at tilsette risikerer ei offentlig uthenging frå eigen arbeidsgjevar, basert på einsidig skildring frå andre. Uthenginga vert ytterlegare forsterka gjennom at ytringa kjem i eit kommunestyremøte der den tilsette ikkje har moglegheit til å kunne korrigere.

Under punktet «Open spørjetime» problematiserer representanten Rita Navarsete personlege tilhøve om to namngitte tilsette i Sogndal kommune. Også den eine tilsette sin ektefelle vart omtalt med namn. Innlegget insinuerte kritikkverdige tilhøve knytt til begge dei tilsette.

Navarsete sine utsegner syner at me i Sogndal kommune risikerer at arbeidsgjevar offentleg insinuerer kritikkverdige arbeidsrettslege tilhøve om tilsette.

Representanten Kari Vikane haldt i kommunestyremøte den 15. februar fram med å påstå at tidlegare tilsette i Sogndal kommune har vore utsett for mobbing og trakassering av noverande tilsette i Sogndal kommune. Dette er alvorlege skuldingar som ikkje er dokumentert har føregått.

Vikane sine utsegner syner at me i Sogndal kommune risikerer at arbeidsgjevar offentleg set fram urette skuldingar mot tilsette, om alvorlege og straffbare forhold knytt til deira arbeidsforhold i kommunen.

Også representanten Arne Glenn Flåten kjem i kommunestyremøte den 15. februar med utsegn mot tilsette i Sogndal kommune. I ettertid utdjupar også Flåten følgjande i offentlegheit, jf. nettavisa Porten.no sin artikkel med overskrifta «Det politiske klimaet i Sogndal er på frysepunktet etter gårsdagens tøffe ordveksling», publisert den 16. februar. Eg siterer frå artikkelen: «Dei har blitt mobba ut heile gjengen. Å seia noko anna er direkte villeiande, seier Flåten».

Også Flåten sine utsegner syner at me i Sogndal kommune risikerer at arbeidsgjevar offentleg set fram urette skuldingar mot tilsette, om alvorlege og straffbare forhold knytt til deira arbeidsforhold i kommunen.

Fleire av representantane la også i dette kommunestyremøte fram alvorlege skuldingar mot rådmannen som tilsett i Sogndal kommune. Alvorlege skuldingar som ikkje vert dokumentert, og som vert sett fram på eit vis eg opplever som moglege brot på arbeidsmiljølova § 4-3 (1) og (3).

Som tilsett i Sogndal kommune kjenner eg personleg på ei sterk uro og redsle for eigen og andre tilsette si helse ved å ha eit daglege virke i ein kommune der representantar frå kommunestyret, som har det øvste arbeidsgjevaransvaret for alle tilsette i Sogndal kommune, har ei framferd som vert opplevd som helseskadeleg, jf. arbeidsmiljølova § § 4-1 (1).

Ordførar Aarvoll si orsaking om manglar i eiga møteleiing er ikkje formildande i saka.

Varslinga mi gjer ei omtale av folkevalde som i eit offentleg møte mogleg har brote arbeidsmiljølova sine føresegner, og det er såleis ikkje grunnlag for at varsel og vidare handsaming vert unnateke offentlegheit. Eg ber såleis om at varsel og handsaminga av dette, vert gjenstand for ein open prosess.

Eg ber ordføraren om at Sogndal kommune sitt arbeidsmiljøutval og Sogndal kommunestyre vert informert om varslinga. Rådmannen får også kopi av varslinga.

Avslutningsvis ber eg om å bli halden orientert om vidare handsaming gjennom følgjande e-postkonto:anonymvarslar@gmail.com

Sogndal 18. februar 2018

Venleg helsing tilsett i Sogndal kommune

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *