Nyhende

Aukande etterspurnad etter alternative medier

GIFTIG TUNGE: Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle held innlegg for Arbeidarpartiet. Bladet han er redaktør for spreier mykje falske nyheiter og antirussisk propaganda (Foto: Arbeidarpartiet/Flickr).

I Dagsnytt atten fredag stilte Hans-Wilhelm Steinfeld med sine bombastiske utspel for å fremje frykt og splittelse (Foto: Sindre Hembre Kruse).

Onsdag la den russiske utanrikstenesten ut ei melding på Facebook-sida si, og skriv dei er bekymra for korleis Russland vert framstilt i norske medier.

Bloggen til nettkrigaren Kjetil Stormark, aldrimer.no, vert trekt fram. Her produserer Stormark falske nyheiter, hat og polarisering. Hovudinnhaldet i bloggen dreier seg om konspirasjonsteorier om Russland, og at Noreg må auke sine militære utgifter og auke militariseringa i nordområda.

Det statlege nyhendebyrået har nytta bloggen ofte som kjelde når dei skal kaste drittpakkar på Russland.

Ein gang produserte Stormark blogginnlegg om [russisk] ubåtobservasjon i Sogn og Fjordane, noko det statlige nyhendebyrået gjorde store oppslag om.

Ein av dei som har spytta pengar inn i bloggen til Stormark er 84-åringen Hans Herman Horn, som har stor eigeninteresse i militær opprusting.

Nyttar Steinfeld som politisk leigesoldat

I Dagsnytt atten fredag stilte Hans-Wilhelm Steinfeld med sin brautande tone og oppførsel, og serverte ei rekkje usaklige påstander om Russland.

Dei usakelege påstandane som Steinfeld kjem med viser at han fortsatt lever i den kalde krigen på 1970-talet, og har ikkje oppdatert seg på notidas Russland.

Pål Steigan som vart intervjua av Dagsnytt atten viser til at Steinfeld er ein politisk leigesoldat, som sel ordet sitt for klingande mynt og setlar. Steinfeld er ein av eigarane av Corporate Communications som sel pennen til dei som betalar best, og kundelista er ikkje offentleg.

Alternative medier

Den russiske utanrikstenesten trekkjer fram mellom anna Resett og Steigan som eksempel på framvekst av nye medier som aukar i popularitet, som følgje aukande etterspurnad etter alternative synspunkt.

Av engelskspråklege nyhende finst også RT.com og Sputnik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *