Nyhende

Tidlegare banksjef, fiskeriminister, fylkesmann og Høgre-politikar Svein Ludvigsen sikta

Det er Svein Ludvigsen som er den omtalte «samfunnstoppen» frå Tromsø som er sikta av politiet. Han vart vartetektsfengsla med brev- og besøkskontroll 4. januar. Her på biletet er frå tida han var fylkesmann. (foto: UiT/Flickr).


Svein Ludvigsen er sikta av politiet for menneskehandel og for å skaffe seg seksuell omgang ved misbruk av stilling. Foto: Wikipedia

Ludgivsen er etter det nettmagasinet kjenner til sikta for menneskehandel og for å skaffe seg seksuell omgang ved misbruk av stilling.

Ut frå det som står i andre medier er dette omgang med unge menn og unge gutar.  

Nettmagasinet veljer som andre medier å offentleggjere Ludvigsens namn av omsynet til ålmenta.

Resett.no skriv at Ludgivsen er medlem av frimurarlosjen og har enormt kontaktnett i Nord-Noreg, og at dette kontaktnettet kan spele rolle i etterforskinga.

Tidlegare anmeldelser har ikkje uventa vorte henlagt.

Unnateke offentlegheit

Det høyrer med til saka at dommaren som skreiv kjennelsen 4. januar, Bjørn André Holmen, var tilsett i firmaet til Ludvigsens forsvarer Ulf E. Hansen.

Holmen sjølv har ovanfor Resett.no sagt at han meiner det er uproblematisk.

Holmen har unnateke kjennelsen etter domstolloven § 130, og nettmagasinet her kan difor ikkje sitere kjennelsen. Grunngjevinga for dette var visst nok omsynet til Ludvigsens «ærbarhet».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *