Nyhende

Ny NAV-sjef teken for snoking

SNOKAR: Det er leiar av NAV Lillesand, Kristin Hognestad (51), som har gjort ulovleg journalsnoking og skaffa seg personopplysningar ho ikke har rett på. (Foto: Jørgen Schyberg/Flickr).


Det er NAV Aust-Agder som i eigen intern kontroll har avdekt journalsnoking, og funne ut at fire leiarar i NAV har dreve med ulovleg snoking. To av desse er avdelingsleiarar, og ein leiar. Leiaren er Kristin Hognestad.

Ein tidlegare leiar som har dreve journalsnoking har slutta.

I følgje NAV risikerer Hognestad avskjed for ugjerninga. Årsaka er at urettmessige oppslag fører til mistilit, og at brukarar må kjenne seg trygge på at opplysningar i NAV-systemet vert handsma på ein betryggande måte.

Les også: Politiet trenerer sak mot tidlegare NAV-sjef

Frå tidlegare er det kjent at seksjonssjef ved NAVs juridiske seksjon, Inger Reidun Mikalsen, hadde snoka i kjendisar og naboar. I alt hadde Mikalsen gjort over 180 ulovlege oppslag. Les meir om den saka her.

Dokument i saka

Nettmagasinet har fått tilgang på dokument i saka. Det er Beate Berntsen som har svart på innsynsbegjæringen. Dokumenta viser at  Hognestad fortsatt arbeider ved NAV Lillesand.

Last ned dokument

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *