Nyhende

La lok på Dark Room-saken

MANGLAR INNSYN: Nettmagasinet har i lang tid forsøkt få innsyn i dokument til ein politimann som fekk førelegg for nedlasting av barnepornografi. Dette har ikkje magasinet lukkast med. (Foto: Ken Douglas/Flickr)


Nettmagasinet begjærte for over eit halvt år sidan innsyn i dokumenta til ein politimann som var tilsett hjå politiet i Bergen. Politimannen var ein av dei som var tekne i den såkalla «Dark Room»-saken, som omhandla nedlasting av barnepornografi.

Den 13. desember 2016 vart mannen suspendert frå stillinga i seks månader, og han fekk seinare avskjed frå stillinga 2. mai 2017.

Andre som har vore involvert i same saka har fått lang ubetinga fenselsstraff, men politimannen slapp frå det med avskjed og eit førelegg ingen vil gje innsyn i.

Det finst fleire liknande saker med same utfall.

Nettmagasinet etterlyser tips i saka. Veit du noko, så send det til tips@oyvnon.com eller bruk skjema.

Dokument i saka

Dokumenta nedanfor er det einaste nettmagasinet har greidd få ut.

Last ned dokument

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *