Nyhende

EFTAs overvakingsorgan handsamar sak om innsyn

MÅ FØLGJA DIREKTIV: Manglande svar på innsynsbegjærnigar er grunnen til at nettmagasinet her klaga Vest politidistrikt ved Justisdepartementet inn for EFTAs overvakingsorgan ESA. (Foto: ESA-bygget Arkiv/ESA).


ESA har fått bevis på at nettmagasinet har måtte vente i over seks månader på handsaming av innsynskrav. Overvakingsorganet har opna sak og vurderer om Vest politidistrikt har brote direktivet om vidarebruk av offentleg informasjon.

Nettmagasinet var i dialog med ESA denne veka, og vart orientert om oppretting av sak.

Justisdepartementet vedkjenner feil

I følgje eit brev Justisdepartemenet har sendt ESA, så vedkjenner departementet at norsk lov ikkje har noko maksimumfrist for å besvare innsynskrav. Dette kan dei no verta felt på, om ESA meiner det er i strid med direktivet om vidarebruk av informasjon frå det offentlege.

I neste runde må departementet syte for at Vest politidistrikt og andre offentlege organ følgjer direktivet. ESA har tidlegare gjeve bøter på over 100 millionar kroner.

Last ned dokument

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *