Nyhende

Nesten 10 år med fullt kaos i Sogn barnevern – sladda rapport

DÅRLEG LEIING: Jarle Aarvoll og den kontroversielle rådmannen Lars Jostein Aanestad (56) får skulda for kaoset i Sogn barnevern. (Foto: Arkiv)


I følgje rapporten som firmaet «Arbeidsmijøspesialistene» har skreve på bestilling frå Kontrollutvalet i Sogndal kommune, går det fram at det har vore fullstendig kaos i Sogn barnevern sidan oppstarten i 2008.

Den kontroversielle rådmannen vert trekt fram som ansvarleg, for si manglande evne til å leie, og for å ikkje gjera rettferdig, sakleg og grundig sakshandsaming.

Arbeidsiljøspesialistene skriv at «ukulturen» som har herska er skapt av kommuneleiinga. 

Mobbing og trakassering

Tidlegare kommunalsjef Aud Kari Isane har brukt uttrykk som mobbing, trakassering og traumatisering i forhold til dei tilsette sine opplevingar og reaksjonar.

Frå tidlegare er det kjent i dokument frå Arbeidstilsynet at leiarane trakasserte tilsette.

Sidan klager og varslingar ikkje vart handtert på ein rettferdig måte skriv Arbeidsmiljøspesialistene at det bidreg til ein «sytekultur» der same problem vert teke opp att heile tida, og at denne ukulturen er skapt av den kontroversielle rådmannen.

Les også: – Tilsette vert sjuke av dårleg leiing i Sogndal kommune

Les også: – Her er barnevernsleiaren som fekk åtvaring i Sogndal kommune

Les også: – Tilsvar på skriftleg tilrettevising

Les også: – Sogn barnevern-papira

Avgjerd om delvis innsyn er påklaga

Nettmagasinet her har påklaga avgjerda om delvis innsyn, og vil krevja fullt innsyn i heile rapporten og underliggande dokument. Saka vil med det verta følgd opp.

Har du tips kan du senda dei til tips@oyvnon.com