Nyhende

Snudde etter to år og gav innsyn i kommunerekneskap

Innsynsverstingen Sogndal kommune med den kontroversielle rådmannen Jostein Aanestad i spissen har no gjeve innsyn i kommunerekneskapen sin på bilagsnivå (Foto: Arkiv).


Rekneskapen kan du lasta ned her:

– Rekneskap pr bilag 2016 Sogndal (4,2 MB Excel-format)

Lovbrot og hemmeleghald

Kommunen har lang historikk med hemmeleghald av dokument og gjennomgåande lovbrot i fleire sektorar.

I fjor nekta den kontroversielle rådmannen også svare Fylkesmannen, som då i fleire omgangar hadde etterlyst svar hjå kommunen, utan å få det. Lista stoppa ikkje der. Flere ganger har Arbeidstilsynet og andre offentlege organ måtte purre på svar i saker dei har til sakshandsaming.

Svar får dei ikkje før fleire månader etter.

Rett til innsyn i redigerbare format

I fjor kom Sivilombudsmannen med uttale som gjev rett til innsyn i redigerbare format. Det var nettmagasinet her som førte saka.

– Ombudsmannen viste til kva bestemmelsar som gjennomfører EØS-avtalens vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) i norsk rett.

Den kontroversielle rådmannen i Sogndal har ei alternativ verkelegheit når det kjem til tolking av lovverk. Om det var dagbøter for trenering av innsynskrav ville kommunen måtte budsjettert eit ikkje ubetydeleg beløp for dette.