Nyhende

Politiet trenerer sak mot tidlegare NAV-sjef

Lite å frykte for snoking i konfidensielle personopplysningar (Foto: Arkiv).

Oslo: For snart to år sidan vart seksjonssjef Inger Reidun Mikalsen i NAV teken for å snoke i konfidensielle personopplysningar til mellom anna kjendisar og naboar.

Dokument som magasinet her har tilgang på viser at Mikalsen vart suspendert frå stillinga i februar 2016. Kort tid etter gjekk ho over i ny stilling i det offentlege med heile 700 000 kroner i årsløn.

– Eitt av kvinna sine offer, som ønskjer å vera anonym, seier at det heile er forferdeleg, og at det utanfrå ser ut som ei forfremjing.

Hovudansvaret til den tidlegare seksjonssjefen var å leie arbeidet med handtering av søksmål mot Nav, sikre rett forståing av generell og spesiell forvaltningsrett i etaten, og samarbeide med Sivilombudsmannen og Trygderetten.

Som leiar av juridisk seksjon, var dette ein person som burde vite langt betre enn å grave i kjendisar og eigne naboar.

Kan komma avgjerd neste veke

I følgje kjelder er det politifullmektig Åse Schartum-Hansen som sit på saka, og at det kan komma ei avgjerd neste veke – etter nesten halvanna år på bordet.

Mikalsen vart meld for brot på straffelova § 171 som lyder slik: Med bot eller fengsel inntil 2 år straffes den som utøver eller bistår ved utøving av offentlig myndighet, og grovt bryter sin tjenesteplikt.

Frå tidlegare er det kjent at ektemannen til kvinna vedtok ein påtaleunnlatelse for mellom anna for skadeverk på eigedom og omsynslaus åtferd ovanfor ein nabo.

Politiet vil ikkje seie noko om kvifor dei har brukt så lang tid på snokesaka. Den lange sakshandsamingstida vil normalt vere formidlande.

Saka vil verta følgd!