Nyhende

Rønnekleiv dømd til fengsel

Eks-fylkesdirektør Eilev Bent Rønnekleiv vart tiltala for grov økonomisk utruskap på 3,6 millionar kroner. Størstedelen av beløpet er knytt til 2013 og 2014. No er han dømd. (Foto: Premium Collection/Fotolia)


MÅ I FENGSEL: Eilev Bent Rønnekleiv misbrukte offentlege midlar då han var fylkesdirektør. Foto: Tannhelsetenesta.

Forvalta budsjett på 100 millionar kroner

LEIKANGER: I perioden hadde den offentlege tannhelsetenesta eit årleg driftsbudsjett på om lag 100 millionar kroner. I tillegg hadde tenesta fire millionar kroner til investeringar.

Ein halv million av summen skulle brukast på datautstyr, og resten til modernisering av utstyr i tannklinikkane i fylket.

– I staden for å ruste opp den offentlege tannhelsetenesta rusta Rønnekleiv opp Florø fotball, med hensikt å verta godt likt i lokalmiljøet. Han rusta også opp kona og sønene sine.

Arild Melvær som er styreleiar i Florø fotball vart tidlegare i år mistenkt av politiet for heleri. Melvær er i dag tilsett i Flora kommune som dagleg leiar for Innvandrarsenteret i Florø, og har tidlegare sagt til media at han ikkje vil trekkje seg frå vervet som styreleiar i fotballklubben.

Verken Rønnekleiv eller Melvær har ville svare nettmagasinet her på spørsmål. Rønnekleiv svarer ikkje, medan Melvær slengde på røyret.

Fisla til Clara Øberg om misbruk

Det var ein tilsett i tannhelsetenesta som sa til nest-sjef Clara Øberg at «ho ikkje ville kontere fleire bilag» for Rønnekleiv. Dette etter at IT-avdelinga hadde oppdaga noko feil i høve innkjøp av IT-utstyr som ikkje passar i nettverket deira.

Øberg seier til nettmagasinet her at ho byrja i fylkeskommunen i 2011, og ikkje har lest dommen enno.

«Monsterinnkjøp» av teknisk utstyr:

Nedanfor er lista politiet la fram som syner utstyr Rønnekleiv kjøpte inn på offentlege midlar. Dei omfattande innkjøpa burde fått ei bjelle til å ringe om dei hadde system og rutinar for intern kontroll.

Erkjente skuld for berre 200 000 kroner

Rønnekleiv erkjente skuld i saka for 200 000 kroner. I dette inngår gåvekort til seg sjølv med 150 000 kroner og resten på eigen familie. I dette restbeløpet inngår pulsklokke til kona på litt over 10 000 kroner, og komfyrvakt i sin privat bustad. Til julegåve fekk kona MacBook Air, samt innkjøp av actionkamera til sønene sine. Også svigermor var smurd med ein Apple iPhone 5C.

Rønnekleiv fraus heller ikkje på tottane etter at han installerte varmekablar for nesten 7000 kroner.

Hadde fire kontor

Det å bruke pengar er ikkje nytt i offentleg sektor. Her er det også lagt til rette for arbeidsinnsats, då fylkestannlegen kunne bruke fire kontor. Desse fordelt i Leikanger og Florø. I tillegg kom hytta og heime.

Rønnekleiv arbeidde mest på heimekontor.

Retten kom også med ein kontroversiell uttale då tingrettsdommar Gunnhild Grove skreiv det var i «fylkeskommunal interesse» å kjøpa inn TomTom GPS for å køyre til hytta og arbeide der. 

Publikum vil nok stille spørsmål ved om det er greitt å bruka offentlege midlar på navigasjonsutstyr for å køyra til og frå offentlege kontor i fylket.

Kor mykje han arbeidde går derimot ikkje fram av dommen.

Bløffa om nettbrett på tannlegestol

Rønnekleiv kjøpte også inn V Targus Cardock med trådlaus streaming. Han forklarte dette innkjøpet med at utstyret skulle hengast opp på tannlegestol for å visa illustrasjonsfilmar til pasientar. Cardockane vart funne i Rønnekleiv sin bil, då montert på baksida av hovudstøtta til førar- og passasjersete.

Dette for at borna hans kunne sjå film på nettbrett under bilkøyring.

Sterkt desinfeksjonsmiddel

DESINFEKSJON: Fylkesdirektøren hevda han skulle bruka champagnekjølarar til desinfeksjon.

Fylkesdirektøren kjøpte også inn champagnekjølarar. På spørsmål om kva han skulle bruka dei til svarte han at:

Dette er metallbehaldarar som vi skal sjå om tåler desinfeksjonsmiddel. Det skal førast på investering. – Eilev Bent Rønnekleiv

 

Nøyaktig kva type desinfeksjonsmiddel som skulle brukast går ikkje fram av dommen. Det har heller ikkje vore råd få kontakt med Rønnekleiv for å få svar på dette.

Mangelfull intern kontroll

God intern kontroll handlar ikkje om kven som kan kontere og attestere kva. Den skal vera eit rammeverk som omfattar alle ledd frå innkjøp til utbetaling. Eit slikt rammeverk er til dømes COSO-kuben.

Når fylkesdirektøren har fått halde på i over tre år burde tingretten ved Gunnhild Grove også kritisert fylkekommunen for total mangel på intern kontroll, og at dei kunne avgrensa skadeomfanget med slik kontroll.

Dette har ikkje Grove gjort.

Tingretten burde også stilt spørsmål ved Bjørn Birger Bremer som var Rønnekleiv sin næraste overordna, rettleiar og mentor. Bremer har sjølv forklart at dei hadde tett kontakt, og at han [Bremer] saman med økonomisjef Eli Nes Killingrød drøfta budsjettprofil med Rønnekleiv.

Det er tross alt vanleg å sjå gjennom rekneskap i føregåande når ein lagar budsjettprofil.