Leiar Nyhende

– Eirik Jensen-saka er toppen av isfjellet

Assisterande sjef for Spesialeininga for politisaker, Guro Glærum Kleppe, har gjort ei kjempebragd. (Foto: f0rtytw0/Flickr)

Sogndal: Den tidlegare polititoppen Eirik Jensen vart dømd til 21 års fengsel for grov korrupsjon. Vert dommen endeleg må Jensen sitja i to tredjedelar av straffa før han kan søkja prøvelauslating. To tredjedelar er 66,6 % av tida – eller om lag 14 år. Allereie etter sju år kan derimot Jensen søkja permisjon på inntil 30 dagar i året.

Dette er eit straffenivå som er heilt skammeleg, og her skal du høyra kvifor:

I Noreg er nettverkskorrupsjon den vanlegaste korrupsjonsforma. Den er lagt opp slik at det vert gjeve fordelar til kjennskap og venskap i staden for bestikkingar som sjeldnare skjer. Oppussingsarbeidet narkodømte Cappelen fortok på badet til Jensen var ei slik venneteneste, i byte mot informasjon.

Slikt er det alvorleg mykje av i Noreg, og det føregår i offentleg sektor der fordelane og utbyttet er størst. Politiet gjer ingenting med korrupsjon i det offentlege.

I Jensen-saka er det Guro Glærum Kleppe som har ført saka frå start til slutt. Kleppe har bakgrunn frå Lovavdelinga i Justisdepartementet, og har arbeida mykje med internasjonal menneskerettsjus. Ho byrja i Spesialeininga i 2007.

Byråkratisk korrupsjon

Denne korrupsjonsforma er nede på administrasjonsnivået. Den omhandlar korrupsjon i høve utføringa av politiske vedtak. Det dreiar seg om å gje fordelar til ein part eller skape forseinkingar, vanskelegheiter eller mykje unødig byråkrati for ein annan part.

Vi har også korrupsjon ved tilsetjingar og kontrahering. Denne problematikken har anti-korrupsjonsorganisasjonar som Transparency International påpeika fleire gangar. I dag er det dessverre ingen politisk vilje til å gjera noko med det. Dei som forsøkjer gjere noko med korrupsjon vil dessutan verta møtt med press frå alle kantar.

Eksempel på politisk og byråkratisk korrupsjon finn vi seinast i dag ved Listhaug (Frp) og Utlendingsdirektoratet (UDI). For ni år sidan instruerte Erna Solberg (H) det same direktoratet til å gje avslag på akkurat same søknad. Det er politisk.

UDI kunne like gjerne vore styrt av ei arbeidsgruppe i eit politisk parti, fordi det er ein politisk styrt organisasjon. Det er politikarane i det til kvar tid sitjande regjeringsparti som til slutt bestemmer om UDI skal gje tommel opp eller ned.

SPYD I SVART DRAGE: Slik er emblemet til russiske Sledcom.

Livstid for grov korrupsjon

Guro Glærum Kleppe la ned påstand om ubetinga fengsel i 21 år for korrupsjonstiltalte Eirik Jensen.

EG MEINAR at straffa må vera minst 40 år ubetinga fengsel for all korrupsjon i det offentlege som har ein vinst, og for grov korrupsjon må den vera livstid.

Dette betyr at den som vert dømd må sitja 26,6 år før prøvelauslating og 13,3 år før eventuell permisjon. Det betyr at 50- og 60-åringane forsvinn ut og ikkje får høve til å gjera meir korrupsjon.

LIKE VIKTIG er det å straffeforfølgja korrupsjon 20 år tilbake i tid. Grunnlova kan endrast, og det er ingen hinder for å gje 40 år fengsel i straff for korrupsjon som fann stad for 20 år sidan.

FN-KONVENSJONEN mot korrupsjon vart ratifisert då Knut Storberget var justisminister. Då Russland ratifiserte FN-konvensjonen skipa dei Sledcom – ein sentralisert komité som har arrestert tusenvis av korrupte tenestemenn i Russlands fylker. Sentraliseringa var heilt nødvendig for å slå ned på korrupsjon i politiet.

Skal vi få gjort noko med korrupsjon i offentleg sektor må vi følgje Russlands gode eksempel, og skipe ein organisasjon som tek tak i den. Spesialeininga for politisaker er ein organisasjon som bør innlemmast i ein slik organisasjon.