Nyhende

Hyra inn kjendisadvokat for å leite etter argumentasjon

Den kontroversielle Sogndal-rådmannen Jostein Aanestad hyra inn kjendisadvokat til 100 000 kroner for å skriva klage til PFU. (Foto: Arkiv)


KJENDISADVOKAT: Jon Wessel-Aas har fått det ærefulle oppdraget med å snu kvar stein for å leita etter argument til den kontroversielle Sogndal-rådmannen. Foto: Tore Sætre.
Sogndal kommune har dei siste fem-seks åra fått mykje kritikk for dårleg leiing og manglar i Sogn Barnevern. Dette er støtta av funn og ei rekkje pålegg frå Arbeidstilsynet.

– Som svar på kritikken har rådmannen engasjert kjendisadvokat for å prøva leita etter argument til pressa sitt faglege utval (PFU), med føremål å få Sogn Avis dømd for «brot på god presseskikk».

Slit med argumentasjonen

Den kontroversielle rådmannen har sett seg grundig lei på kritikk i lokalavisa, men har samstudes ikkje greidd å komma på argumentasjon som talar for brot på god presseskikk.

I mangel på råd engasjerte han kjendisadvokaten Jon Wessel-Aas, og har betalt han i følgje kjelder, rundt 100 000 kroner for å leita fram syltynne argument, som neppe står seg i PFU.

Wessel-Aas seier til magasinet her på SMS at han bistod kommunen med klagen, men ønskjer ikkje kommentera utover det.

Nedanfor er klagen som kosta innbyggjarane og skattebetalarane 100 000 kroner:


Last ned dokument

Vil neppe vinne fram

PFU har tidlegare til magasinet her sagt at skriveriar som «leiarar» er meiningsbærande innhald, og at eventuelle motpartar har høve til svara med debattinnlegg.  

Skulle Wessel-Aas vinna fram med kjendisstatusen vil det få følgjer for alle aviser som skriv meiningsbærande innhald på leiarplass.

Sjansane er derimot ørsmå. 

Sjå også:

Tilsvar på skriftleg tilrettevisning