Nyhende

Advokat-skandalen: – Svidde av 106 750 kr på journalist-hat

Her er dokumenta som viser at den kontroversielle Sogndal-rådmannen systematisk har leita etter alt mogleg for å forsøkje få Sogn Avis felt i PFU. (Foto: Arkiv)

KONTROVERSIELL: Sogndal-rådmann Jostein Aanestad svidde av skattebetalarane sine pengar i forsøk på å kneble media.
Dokument nettmagasinet har fått tilgang på viser at rådmannen allereie før mars i år gjekk manngard på leit etter argumentasjon for å felle lokalavisa i Indre Sogn. 

– Les også:  Hyra inn kjendisadvokat for å leite etter argumentasjon

Vil kneble kritisk presse

I dokumenta nettmagasinet har fått tilgang på går det fram at rådmannen først engasjerte kommuneadvokaten Frode Lauareid i sin desperate jakt for å leggja lok på den stormande kritikken. 

– Lauareid skreiv i e-post til rådmannen at han ville nedprioritera klagen fordi han måtte prioritera andre saker. Om sjølve klagen skreiv han «Eg legg ved utkast til klage, dersom det framleis er ønske om at den skal sendast inn.»

Lauareid påstår at klagen har «gode sjansar», men at det då er viktig at framstillinga er riktig «faktisk sett». Han rår også rådmannen til å lesa gjennom og korrigera.

Etter det nettmagasinet erfarar har den kontroversielle rådmannen også hausta mykje kritikk i kommunestyret for handteringa av problema i Sogn Barnevern. I alle fall på høgresida.

I forsøka på å vri seg unna meir kritikk forsøkjer rådmannen no angripe journalistar og medier som omtalar saka.

Det er frå tidlegare kjendt at ordførar Jarle Aarvoll (A) truga ein politikar (V) på bakrommet, etter at han hadde uttala seg kritisk til gjennomføringa av eit møte i den lokale barnevernstenesta. Her hadde ein av dei tilsette i barnevernstenesta snoka i notata til politikaren.

Siste linje i klagebrevet: – Har fått hjelp av advokatkjendis

I klagebrevet rådmannen sendte til PFU la han til eige avsnitt om at han hadde fått skrivehjelp av advokatkjendisen Jon Wessel-Aas.

Rådmannen skreiv at:

«Vi håper at det ovenstående gir PFU en fyllestgjørende oversikt over saken»
– Jostein Aanestad, rådmann Sogndal kommune

Og vidare:

«Advokat Jon Wessel-Aas har bistått kommunen i arbeidet med denne klagen, noe som er grunnen til at klagen er skrevet på bokmål og ikke på nynorsk.»
– Jostein Aanestad, rådmann Sogndal kommune

E-post-korrespondansen 

Nedanfor kan du lesa delar av e-postkorrespondansen mellom Jostein Aanestad og kjendisadvokaten Jon Wessel-Aas. Det er også meir korrespondanse, notat og anna som kommunen ikkje vil gje innsyn i.

Last ned dokument

Av korrespondansen går det fram at kjendisadvokaten har valgt ut tre saker som dei skulle senda PFU. Om dette er same sakene som kommuneadvokaten Lauareid hadde er uvisst. 

Det som i midlertid er sikkert er at rådmannen har endevendt alt i håp om å finna noko som kan felle Sogn Avis for «brot på god presseskikk». 

Last ned dokument

Advokatrekningane

Skattebetalarane i Sogndal har måtte punge ut heile 106 750 kroner for at kjendisadvokaten Jon Wessel-Aas skulle hjelpa rådmannen med argumentasjon i PFU-klagen.  

I fakturaspesifikasjonen nedanfor går det fram at kommunalsjef Marit Hagevik har prata i telefonen med Wessel-Aas om «svar til Fardal», som er redaktøren i Sogn Avis. Innhaldet i desse e-postmeldingane og notat frå samtalen har ein ikkje fått innsyn i her.

Kjendisadvokaten la ned svært mykje tid på å vurdere og leite etter argumentasjon. Det går fram av fakturaspesifikasjonen nedanfor. 

Har du tips eller opplysingar til saka? Send desse til tips@oyvnon.com. Alle tips vert handsama anonymt og konfidensielt.