Nyhende

Ukultur og likestillingsproblem på høgskulen i Sogndal

Heile 80 % av tilsette i rådgjevarstillingar hjå Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Sogndal er kvinner. Det viser ei grundig undersøking nettmagasinet har gjort. Personaldirektør Wenche Fjørtoft vil ikkje svare på spørsmål og forklare kvifor. (Foto: Arkiv)

Likestillingsproblem i Saftbygda

SOGNDAL: Mykje tydar på at avdelinga i Sogndal har ein «kvinnekultur» og eit omfattande likestillingsproblem som kan forklarast med uformelle tilsetjingsrutinar.

Nettmagasinet har sett på tilsetjingar avdelinga (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane) har gjort mellom desember 2014 og mai 2017.

Det viser seg at heile 8 av 10 tilsette er kvinner.

I tilsetjingsrådet til avdelinga sit Wenche Fjørtoft (personaldirektør), Terje Bjelle (viserektor for utdanning) og Anne Grethe Naustdal (dekan), Nina Leivdal Tandle (representant) og Ellen England (representant).

Følgjer ikkje statens personalhandbok

Når høgskulen lyser ut nye stillingar skriv dei i utlysingsteksten om balanserte kjønnsamansetjingar, som er eit krav i statens personalhandbok. Det står mellom anna at:

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen er ei IA bedrift. Me oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søke.
– Høgskulen på Vestlandet

Kravet går klart fram av statens personalhandbok:

Hvis det til ledige stillinger i staten melder seg flere søkere som har tilnærmet like kvalifikasjoner til stillingen, skal det kjønn som har mindre enn 40 % av de tilsatte i den aktuelle stillingsgruppe foretrekkes.
– Statens personalshandbok pkt. 1.6.5

– Vil ikkje svare på spørmål

Kva tilsetjingsrådet legg i balansert alders- og kjønnssamansetjing ville ikkje personaldirektør Wenche Fjørtoft svare på.

Slike uformelle og einsidige tilsetjingar avdelinga i Sogndal driv med er eit samfunnsproblem. Dei bryt også med dei statlege personalpolitiske måla og er klar misbruk av offentlege midlar. Høgskulen har i lang tid slite med rekruttering av kompetent fagpersonell til undervisning, og gjer det enno. Tilstanden vert ikkje betre med dette.

Frå eit redaksjonelt synspunkt er det på høg tid at tilsetjing i offentleg sektor berre kan skje via eksterne tilsetjingsråd lokalisert annan stad i landet.

Les også

Nav-seksjonssjef tilsette næraste nabo