Nyhende

Slik misbrukte eks-diplomat John Mikal Kvistad offentlege midlar i Iran

Kvistad som misbrukte offentlege midlar i Iran er flytta til rådgjevarstilling i Utanriksdepartementet med over 860 000 kr i årsløn. I den mellombelse stillinga skal han arbeide i seksjon for Russland. (Foto: Arkiv)

Saka vart først omtala i MSM-mediet VG, her med ein svært anonym og påpynta framstilling.

Bokføring ved ambassaden i Teheran

Nedanfor følgjer bilagskontroll ved den norske ambassaden i Iran. Her kjem det fram fleire klare brot på økonomiregelverket. Dei største innkjøpa er av to luksusbilar som var betalt på forskot kontant med offentlege midlar.

Sjå bilagskontrollen nedanfor:


Last ned dokument

Kvistad vart som følgje brota, av alle ting, internt omplassert til mellombels rådgjevarstilling i seksjon for Russland. Det er ein ganske oppsiktsvekkjande og uvanleg mild reaksjon for misbruk av offentlege midlar.

I Sogn og Fjordane vart det nylig lagt ned påstand om streng straff for fylkestannlegen for tilsvarande innkjøp i strid med regelverket.

Frå eit redaksjonelt synspunkt gjev Utanriksdepartementet feil signal når dei «belønnar» slik verksemd med nær millionen i årsløn og fortsatt jobb.


Last ned dokument

Alle dokument

Nedanfor kan du sjå alle dokument i saka.

Last ned alle dokument (ZIP)