Nyhende

Noreg er fristad for korrupsjon

Land som Russland og Kina gjer alt dei kan for å knuse korrupsjon i offentleg sektor, medan norsk politi og norske myndigheiter gjer alt dei kan for å legge lokk på den. (Foto: Arkiv)

Kinas president, Xi Jinping, har sett i gang fleire kampanjar mot korrupsjon. I fjor vart over 300 000 offentleg tilsette straffa. Hittil i år har 210 000 fått straff. Desse tala inkluderer 38 tilsette på høgt nivå i offentleg administrasjon, tilsvarande fylkesmenn og fylkesrådmenn i Noreg. I tillegg kjem tilsette i ei rekkje statlege instutisjonar.

I Noreg er det heilt greitt å vere korrupt

Det er òg lønnsomt og risikofritt, det viser fleire saker nettmagasinet har sett på.

Eksempel 1:
Nyleg misbrukte eks-diplomat John Mikal Kvistad offentlege midar i Iran. Han kjøpte inn dyre luksusbilar, inventar og foretok ei heil rekkje andre ulovlege disponeringar i strid med retningslinene han var plikta å følgje. Straff får han ikkje. Tvert i mot gjekk han over i ny stilling med 860 000 kroner i årsløn.

Eksempel 2:
Eks-seksjonssjef i NAVs juridiske seksjon, Inger Reidun Mikalsen, snoka i personopplysningar til eit ektepar ho var i konflikt med. I alt gjorde Mikalsen over 180 ulovlige oppslag på familien. Heller ikkje dette har politiet gjort noko med. Mikalsen gjekk over i ny jobb i nytt offentleg føretak, Regelrådet, med årsløn på heile 700 000 kroner.

Eksempel 3:
NAV igjen. Her tilsette seksjonssjef Katrine Evebø sin næraste nabo, Siri Hatlevoll, i seksjonen for rekneskap. Offentleg søkjarliste viste 28 søkjarar til stilling som var utlyst. Fleire av søkjarane hadde både høgare utdanning og meir erfaring. Sjølv om tilsetjinga bryt kvalifikasjonsprinsippet får det ingen konsekvensar. Hatlevoll fekk jobb med 400 000 i årsløn.

Lista kan lett utvidast.

Varsling = arbeidslaus

Dei som freistar varsle om kritikkverdige og ulovlige forhold på arbeidsplassen får hard medfart. Det er kilometervis av saker og alle har same utfall: dei som varslar får sparken og vert gåande arbeidsledige i årevis. Varslarar har verken vern eller rettar.

Interssant å merke er at også politiets eige fellesforbund åtvarar mot varsling med følgjande grunngjeving:

"Erfaringene dreier seg om både hvordan varslere blir møtt i politiet, men også hvordan de blir behandlet når de prøver å få seg jobb i andre næringer."Politiets fellesforbund

Tilstanden vert ikkje betre av fire ”nye år” med Høgre eller Arbeidarpartiet i regjering. Skal ein bli kvitt korrupsjonsproblemet må nye parti og politikarar på bana og bruke avskrekkande midlar.