Nyhende

Trugselbrev frå Inger Reidun Mikalsen

Den tidlegare NAV-seksjonssjefen Inger Reidun Mikalsen har engasjert ny advokat, og forsøkjer no skremme og truge journalistar som grev i saka (Foto: bloomicon/Fotolia).

Mikalsen var i si tid leiar av juridisk seksjon i NAV, og brukte arbeidstida på å grave i kjendisar og naboar. I alt gjorde Mikalsen over 180 ulovlege innsyn på éin familie. Seinare vart Mikalsen politimeld av NAV for brot på straffelova § 171.

Med bot eller fengsel inntil 2 år straffes den som utøver eller bistår ved utøving av offentlig myndighet, og grovt bryter sin tjenesteplikt.
– Strl. § 171 Tenestefeil

Mikalsen byrja arbeide hjå Regelrådet kort tid etter avsløringa. Rådet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, og har i følgje bloggen som føremål å «bidra til at næringslivet ikke påføres unødvendige byrder gjennom nytt eller endret regelverk».

Forøkjer hindre innsyn i lønnsnivå

Regelrådet har hittil helde tilbake informasjon om løna til Mikalsen. Dei har heller ikkje ville svare på spørsmål.

Arbeidsavtale og lønsslipp for offentleg tilsette er imidlertid offentleg informasjon alle kan be om innsyn i.

Dersom Regelrådet ikkje vil utlevere Mikalsen sin arbeidsavtale og lønsslipp vil innsynskravet til sjuande slutt kunne tvangsgjennomførast ved namsmannen.