Nyhende

Her er barnevernsleiaren som fekk åtvaring i Sogndal kommune

Det var tidlegare barnevernsleiar Hanne Veum som fekk åtvaring i Sogndal kommune. Veum arbeidar no hjå NAV Sogndal. Etter ein årelang treneringsprosess både hjå kommunen, og seinare Fylkesmannen ved Ove Midtbø er dokumentet frigjeve.


Last ned dokumentet her

Usemje om åtvaringa er korrekt

Veum meiner på si side at åtvaringa er urettmessig og byggjer på uriktige påstander. Dette skal vere gjort nærare greie for i eit tilsvar.

Veum seier at ho opplever åtvaringa som eit mareritt der ho står heilt makteslaus.

– Eg kan ikkje på eige hand offentleggjere tilsvaret utan at eg risikerer å miste jobben min i Sogndal kommune, sjølv om eg har veldig lyst til å be FO sende ut tilsvaret slik at eg kan bli reinvaska frå dei oppkonstruerte og usanne påstandane i advarselen, seier Veum i e-post.

Les heile tilsvaret til Veum her