Nyhende

Nav-seksjonssjef tilsette næraste nabo

Har du nokon gang søkt på ledige stillingar og lurt på kvifor du ikkje får jobb? Svaret finn du kanskje her!

Det var Nav Økonomiteneste på Leikanger ved seksjonssjef Katrine Evebø som lyste ut fast og mellombels stilling i seksjonen for rekneskap.

Offentleg søkjarliste syner 28 søkjarar til den faste og mellombelse stillinga. Ein nærare gjennomgang av kven som vart innstilt, viser at seksjonssjef Evebø vurderte sin næraste nabo, Siri Hatlevoll, å vere best kvalifisert.

I denne tilsetjingssaka hadde heller ikkje Hatlevoll fullført høgare utdanning. Då søkjarlista inneheld fleire kandidatar med både høgare utdanning og langt meir relevant erfaring skulle søknad vore avvist.

Kvalifikasjonsprinsippet

Som du kanskje veit er all tilsetjing i offentleg forvaltning disponering av fellesskapens ressursar. Difor skal den personen som er best kvalifisert til å utføre oppgåvene som ligg til stillinga tilsetjast.

For denne vurderinga har Sivilombodsmannen uttalt at:

Ved kvalifikasjonsvurderingen må det tas utgangspunkt i de kvalifikasjonskravene som er fastsatt i utlysningsteksten. For øvrig vil sentrale momenter være utdanning, praksis og personlig skikkethet.
Ot.prp. nr. 67 (2004-2005) Om lov om statens embets- og tjenestemenn

Ut frå den offentlege søkjarlista må seksjonssjef Evebø ha vurdert 26 – tjueseks – av søkjarane til å vere personleg uskikka til stillinga. Når dei fleste søkjarane har utdanning frå høgskule og eller universitet, og i tillegg relevant praksis frå offentleg forvaltning blir «personlig skikkethet» det einaste vurderingskriteriet som står att.

Det er imidlertid langt meir sannsynleg at seksjonssjef Evebø misbrukar vurderingskriteriet «personlig skikkethet» med føremål å tilsetje folk ho sjølv kjenner.

Kartet nedanfor syner relasjonen mellom seksjonssjefen og Hatlevoll:

kart-nav-okonomiteneste

Arbeidsavtale

Arbeidsavtalen er signert nabo og seksjonssjef Katrine Evebø, og den tilsette i den mellombelse stilinga. Det er i avtalen oppgjeve lønnstrinn 45, eller 398 100 kr i byrjarløn.

arbeidsavtale-nav-s1

arbeidsavtale-nav-s2

 

Sjå også

NAV-tilsett kan ha medverka til datainnbrot
Drevland-saka er berre toppen av isfjellet
«Snokesjefen» i Nav var leiar av juridisk seksjon