Nyhende

Fastlege hadde seksuell omgang med pasient

I førre veke vart det kjent at Mona Alvestad som er lege ved ved Måløy kommunelegekontor fekk åtvaring frå Helsetilsynet. Fylkeslege Per Steinar Stensland var sparsommeleg på opplysningar i saka.

Heller ikkje ville Stensland gje innsyn, då han meinte dokumenta var teiepliktige. Eit slags standardsvar.

Det er ikkje mangel på kunnskap om forvaltningsrett eller offentleglova det står på. Hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er det ein innøvd inkompetanse og juksekultur, og ei trenering av innsynskrav som vekkjer oppsikt.

Ikkje mindre enn to ganger denne sumaren har Fylkesmannen fått kritikk av Sivilombudsmannen, eine gangen for å fatte vedtak i strid med føremålsparagrafen til offentleglova, og den andre for trenering.

Dokument frå Helsetilsynet

Då Fylkesmannen og fylkeslege Per Steinar Stensland trenerte innsynsbegjæringen var det Helsetilsynet som gav innsyn i saka.

Dokumenta viser at Mona Alvestad vart bøtlagt for journalsnoking. Tross bøtestraffa arbeider ho fortsatt ved Måløy kommunelegekontor.

I tillegg går det fram av politidokument at Alvestad hadde seksuell omgang med ein pasient på legekontoret, noko Alvestad sjølv nektar for.

Last ned dokument (8,33 MB)

Sjå også

«Snokesjefen» i Nav var leiar av juridisk seksjon