Nyhende

Departementet granskar muleg økonomisk mislighald i fylkeskommunen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet granskar tildelingar fylkeskommunen har gjort som kan vere i strid med føresegna for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar.

Fylkeskommunen gav Sunnfjord næringspark 1 mill. kr til m.a. «utgreiing av organisasjon og eigarstruktur».

Departementet stiller no spørsmål om tiltaket som er støtta er ei ordinær kommunal driftsoppgåve, og som difor ikkje kan støttast med tilskotsmidlar. Departementet viser til retningslinene om investeringar og drift.

Distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar er statleg tilskot gjennom årleg oppdragsbrev til fylkeskommunar. Midlane skal nyttast til tiltak der det er hensiktsmessig og kostnadseffektivt med nasjonale midlar for å stimulere til god regional utvikling. I 2016 fekk Sogn og Fjordane 73,93 mill. kr.
 
Det vert opplyst om at fylkeskommunen ikkje skal nytta midlane til eller tildele midlar til drift av eller investeringar i kommunale lovpålagte oppgåver utført av kommunen eller andre.

— Krav om utløysande effekt

I tillegg viser departementet til det overordna tildelingskriteriet i føresegna § 7 første ledd bokstav d, at tilskot skal ha «utløysande effekt». Det vil seie at midlane skal medverke til å realisere prosjekt og satsingar som elles ikkje ville blitt gjennomført.

Om det viser seg at tildelinga er feil risikerer fylkeskommunen å måtte tilbakebetale ein million kroner til departementet.

Sjå korleis regionale utviklingsmidlar er tildelt i perioden 2013-2015.

Dokument i saka


Last ned dokumentet (274 kB)