Nyhende

Tilsette vert sjuke av dårleg leiing i Sogndal kommune

Til Sogn Avis 19. mai i år seier Sogndal-rådmann Jostein Aanestad at han ikkje vil spekulera i årsakane til det dårlege arbeidsmiljøet i Sogn Barnevern. Det er eit utsagn som syner kor uetisk Aanestad er.

I rapportane til Arbeidstilsynet kjem det tydeleg fram kva årsaka er.

Der står m.a.:

Tilsette vert utsett for trakassering eller annan utilbørleg oppførsel av leiinga.
Dokumentinnsyn, Arbeidstilsynet

Vidare kan nemnast:

  • lite tid til opplæring av nytilsette
  • fleire etterlyser mangel på rettleiing i samband med saker
  • fleire gjev uttrykk for å sitte mykje åleine med tunge saker
  • nokre har opplevd avvising frå leiinga etter å ha spurt om hjelp

Fleire tilsette er sjukemelde på grunn av dårleg arbeidsmiljø. Nokre er fysisk sjuke som følgje dette.

Fleire seier noko om at det er lettare å gå på jobb etter at tenesteleiar er sjukemeldt.
– Arbeidstilsynets tilsynsrapport, februar – april 2014

Det dårlege arbeidsmiljøet i Sogn Barnevern skuldast leiinga. Det er kommunestyret si plikt å avslutte arbeidsforholdet til Jostein Aanestad og tilsetje ny rådmann i åremålsstilling.