Nyhende

Sogndal-rådmann Jostein Aanestad har brote arkivlova

Sogn Avis skreiv i mars 2016 at Sogndal kommune kutta ein lokal leverandør av strøstand. Årsaka til leverandørskiftet er påståtte klager om at «strøsanden innheld for mykje finstoff».

sa_strosand
Faksimile: Sogn Avis 14.03.2016, side 6

Då Sogndal-rådmann Jostein Aanestad vart beden om å dokumentere desse klagene, hadde han ikkje dokumentasjon.

Arkivverket har på førespurnad sett på saka og konkludert med brot på arkivlova. Arkivverket skriv at det ikkje er godt nok å påstå at ein har fått klager, og å vise til desse påståtte klagene i forbindelse med terminering av avtale eller kontrakt, utan at dei kan kontrollerast.

Mykje tydar på at Sogndal-rådmannen har terminert kontrakten av heilt andre grunnar.

Korrupsjon eller immunitet mot straff

Den kontroversielle rådmannen vart politimeld for brot på arkivlova med uttalen frå Arkivverket. Politiet henla saka mot rådmannen etter at Sogndal politistasjon hadde trenert den i nesten eitt år. Grunngjevinga var følgjande: ikkje grunn til å undersøkje om det har skjedd noko straffbart.

Det er ikkje mindre alvorleg å bryte arkivlova enn straffelova, noko Riksrevisjonen har uttalt fleire ganger.

Mykje tydar på at andre grunnar ligg føre for henlegging av sak.