Nyhende

Sogn Barnevern-papira

Alle dokument i Sogn Barnevern-saka har vore etterspurt. Dei vert difor publisert slik eg har fått dei tilsendt. Dokumenta syner omfattande konfliktar og svikt i Sogn Barnevern. Fleire tilsette er sjukemelde på grunn av dårleg arbeidsmiljø. Nokre er fysisk sjuke som følgje dette.

Tilsette vert utsett for trakassering eller annan utilbørleg oppførsel av leiinga. Vidare kan nemnast:

  • lite tid til opplæring av nytilsette
  • fleire etterlyser mangel på rettleiing i samband med saker
  • fleire gjev uttrykk for å sitte mykje åleine med tunge saker
  • nokre har opplevd avvising frå leiinga etter å ha spurt om hjelp

 
Innsyn i dokumenta vart først avslått av Marit Hagevik.

Hagevik, som for tida er «kommunalsjef», har til fast regel å ikkje følgje offentleglova. Ber du om innsyn i noko hjå Sogndal kommune får du eit tøvete avslag, og må starte ein langvarig innsynskamp. Det eksisterer ingen vilje til å følgje lovverket i Sogndal kommune. Heller ikkje vil ordføraren i kommunen, Jarle Aarvoll svare kvifor.

For å få ut papir i Sogn Barnevern-saka, sendte eg innsynsbegjæring til Arbeidstilsynet, medan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane handsama klaga over avslag.

Polititrakassering

Siste veka i april vart eg trakassert av Sondre Teigen Lillebostad ved Sogndal politistasjon. Lillebostad – som tilsett i regjeringsorganisasjonen – legg seg opp i innsynskrava mine, og spør «kvifor eg ber om innsyn» i dokumenta, og «kva dei skal brukast til». Dette i samband med offentleggjering av dokument det er gjeve innsyn i.

Tilsette i politiet har ingenting med innsynskrav å gjere. Det er ein strategi for å hindre kritikkverdig informasjon å komme fram. Den er vanleg i den austlege delen av Europa.

Handlemåten til Lillebostad seier noko om det korrupte politiet vi har. Det er latterleg.

To versjonar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt ein variant (23,2 MB), medan Arbeidstilsynet sendte ein anna. Som det går fram av dokumenta har Fylkesmannen og Arbeidstilsynet sladda ulikt.

Arbeidstilsynet