Nyhende

Slik forsøkjer Sogndal-rådmann Jostein Aanestad leie merksemda vekk frå lovbrot i kommunen

Eg politimelde Sogndal-rådmann Jostein Aaanestad for «uaktsom forvoldelse av død» den 18.02.2016, i høve den mykje omtala Sogn Barnevern-saka. Aanestad er «dagleg leiar» i kommunen. Eg meiner han er ansvarleg for dødsfallet til den 13 år gamle jenta.

Dagen etter, den 19.02.2016 anmeldte Jostein Aanestad meg for det han meiner er «trakassering».

Skjermbilde

Den påståtte «trakasseringa» skal ha skjedd i e-postutveksling med kommunestyret i Sogndal (sjå nedanfor). Her vart det trekt fram seks konkrete punkt med mislighald Aanestad har gjort som rådmann.

I høve anmeldelsen ringte Aanestad til Jan Inge Fardal i Sogn Avis, som laga eit oppslag for han på dette. I tillegg kom ordføraren med udokumenterte påstander om at «folk er fysisk sjuke», for å krydre saka litt.

Det heile enda med at Sogn Avis og redaktør Jan Inge Fardal vart felt av PFU for brot på god presseskikk. Redaktøren forsøkte sensurere meg – og vart felt for brot på reglane om samtidig imøtegåing og tilsvarsrett.

[pullquote align=center]
Sogndal-rådmann Jostein Aanestad forsøkjer leie merksemda vekk frå lovbrot i kommunen
[/pullquote]

Eg har god dekning for det eg skriv. Alt som står er dokumenterte faktaopplysningar. I saka om at Aanestad har blod på hendene sine er det henvisningar til massevis av dokument frå Arbeidstilsynet.

Det må nemnast at Aanestad nekta innsyn i desse dokumenta. Eg fekk dei tilsendt på e-post av Arbeidstilsynet.

Litt småsur sa redaktør Fardal som svar til PFU-uttalen, at han «ikkje ser nokon grunn til å anonymisere [meg] lenger».

Det er meg heilt likegyldig.

Sogndal-rådmann Jostein Aanestad er politimeld for «uaktsom forvoldelse av død» i Sogn Barnevern-saka

Aanestad er «dagleg leiar» i kommunen. Eg meiner han er ansvarleg for dødsfallet til den 13 år gamle jenta. Det har vore dårleg arbeidsmiljø i Sogn Barnevern heilt sidan 2012. Arbeidstilsynet har vore involvert fleire ganger.

I nokre av dokumenta til Arbeidstilsynet er tilsette «fysisk og psykisk sjuke» som følgje det dårlege arbeidsmiljøet. Nokre seier det har med tenesteleiaren å gjere.

aanestad-anmeldelse

Aanestad fekk ny arbeidsavtale frå mars 2016, der det blir forsøkt frita han for ansvar. Avtalen er laga av kompanjongen Aarvoll.

Aanestad er frå tidlegare politimeld for å ha unnadrege underskriftslister på kommunehuset. Politiet etterforskar saka enno.

E-post til kommunestyret

Eg meiner at Jostein Aanestad har misleghalde stillinga si som rådmann ved fleire høve.

I følgje kommunelova § 22 er det kommunestyret som kan seie opp kommunen sin rådmann.Eg vil difor rå kommunestyret opprette eit forhandlingsutval snøggast råd som gjennomfører sakshandsaming etter arbeidsmiljølova sine reglar, ved å m.a. kalle Aanestad inn til drøftingsmøte. Når drøftingsmøtet er gjennomført kan det fattast vedtak om å gå til oppseiing eller gje avskjed.

1. Sogndal kommune har ved fleire høve fått påpakning av arbeidstilsynet får dårleg arbeidsmiljø. I ei sak som gjeld Sogn Barnevern hadde Arbeidstilsynet tilsyn så tidleg som i 2014. Situasjonen endra seg ikkje, og det dårlege arbeidsmiljøet heldt fram. Arbeidstilsynet varsla om gjennomføring av nytt tilsyn i desember 2015 som følgje dette.

Eit vedvarande dårleg arbeidsmiljø som går over fleire år kan føre til stress og alvorlege sjukdomar. Eg kjenner til at fleire tilsette i Sogn Barnevern ønskje slutte på grunn av det krevjande arbeidsmiljøet. Det er ikkje rett at tilsette i kommunen skal kvi seg til å gå på arbeid. Handteringa av det dårlege arbeidsmiljøet har no enda i fullstendig kaos. Arbeildstilsynet vil følgje situasjonen også i 2016, etter innmelding av ’strakstiltak’ og ’strukturendringar’ planlagt frå 1. februar 2016.

2. Det 21.09.2015 vart det bede om innsyn i dokument som gjeld arbeidsmiljø og ei varslingssak. Jostein Aanestad trenerte innsynskravet i 134 dagar før det vart oversendt til Fylkesmannen. I oversendinga til Fylkesmannen skreiv Aanestad at han har ’inngått avtale’ med personane som har rapportert dårleg arbeidsmiljø. Vidare har han sletta dokumenta det vart bede om innsyn i. Kommunestyret kan lese seg opp på føremålet med offentleglova § 1. Handlingane til Aanestad legg utilbørleg press på tilsette, og har preg av å presse dei til tausheit om den krevjande situasjonen.

3. Fylkesmannen måtte purre på Aanestad i mange månader på grunn av manglande oversending av klage på avslått innsynskrav. Det gjekk så langt at det vart oppretta begjæring om tvangsgjennomføring ved namsmannen i Sogndal den 27.01.2016.

Offentleglova er eit EF-direktiv som er omfatta EØS-avtalen. Trenering av innsynskrav og hemmeleghald er eit stort demokratisk problem. Dette vart drøfta i interpellasjon i Stortinget 14. desember. 2015. Kommunal- og moderniseringsminister Sanner (H) sa då at rådmenn og ordførarar har plikt til å følgje lovverket.

4. Aanestad vedtok 18.05.2015 ein ’intern instruks’ i strid med forvaltningslova sine reglar. Aanestad ville hemmeleghalde dokument og nekte innsyn i tilsetjingsdokument i høve ny kommunalsjef, Marit Hagevik. Fylkesmannen gjorde om vedtak og gav innsyn i alle dokument.

Handlinga viser at Aanestad ikkje har den minste forståing for forvaltningsrettslege prinsipp. Han juksar og prøver seg stadig på nye lovstridige vedtak for å føre innbyggjarar i kommunen bak lyset.

5. Aanestad fjerna ein dag i november 2015 underskriftslister i høve Sogndalspakken. I høve innbyggjarinitiativ vart det avtala med personale i skranken at underskriftslister skulle liggje til 30. november 2015, og hentast. Eg fekk meldingar på Facebook og e-post frå folk eg ikkje kjenner, som sa at listene ikkje eksisterte, eller at dei ikkje visste ’kvar dei var på huset’. Det viste seg at Aanestad hadde unndrege listene. Det var då hasteoppretta elektronisk skjema på minsak.no. Der vart det samla inn nær 300 underskrifter på kort tid. Hadde eg ikkje fått tips frå publikum så ville Aanestad lukkast med strategien sin om å unndra innbyggjarinitiativet.

Eg har fått tips om at Aanestad har ved tidlegare høve har unndrege underskriftslister. Dette er noko han held fram med. Slike handlingar er med på å bryte ned det demokratiske samfunnet. Det gjev og stor mistillit frå innbyggjarar til kommunen og måten Sogndal kommune vert styrt på. Ein kan aldri vite om det kommunen seier og gjer er sant eller usant. Det er til sist kommunestyret sitt ansvar som er Aanestad sin arbeidsgjevar.

6. Tilsetjinga av programleiar bustadsosialt handlingsprogram. Denne saka har eg vist til tidlegare. Det var 1 søkjar til stillinga. Den vart ikkje lyst ut på nytt for å utvide søkjargrunnlaget. Aanestad stod for intervju og tilsetjingsprosessen sjølv. Den tilsette har personlege eigenskapar som gjer personen ueigna til stillinga. Personen har heller ikkje formell kompetanse til oppgåvene. Mykje tydar også på at Aanestad lukka tilsetingsprosessen etter at søknad var kommen inn. Eg ser på dette som svært alvorleg.

I tillegg har eg vist til andre tilsetjingar i kommunen. Dette er alle tilsetjingar gjort på bakgrunn av kjennskap og vennskap. Det er også brot på forvaltingsrettslege prinsipp, og kvalifikasjonsprinsippet. Det er ulovleg disponering av fellesskapens ressursar.

Aanestad har no vore rådmann i 15 år. Eksempela på pliktbrot ovanfor er langt frå utfyllande. I følgje folk eg har snaka med har dårleg arbeidsmiljø og tilsetjingar gjort på bakgrunn av kjennskap og vennskap skjedd gjennom mange år. Dette er med å gje innbyggjarane i Sogndal eit dårleg tenestetilbod – og det er kommunestyret sitt ansvar. Både Transparancy International og korrupsjonsjeger Eva Joly seier at tilsetjingar gjort på bakgrunn av kjennskap og vennskap nettverkskorrupsjon. Ved å behalde Aanestad bidreg kommunestyret til å opprehalde eit system basert på nettverkskorrupsjon.

På fylkeshuset på Leikanger er det altfor mange passive politikarar. Det er berre nokre få som ”giddar” lese gjennom sakspapira. Dei fleste les berre innstillinga som vert lagt fram, og vedtek den utan spørsmål. Ein kan lure på kvifor dei er med i politikken. Mange ser ut til å vere der berre for å ha eit verv på fritida, og drikke kaffi og ete frukt. Eg meiner difor at politikarane i kommunestyret må kjenne sitt eige handlingsrom, og vere aktive i politikken for å gje innbyggjarane i Sogndal eit godt tenestetilbod. Sameleis byggje tillit til kommunen og sørge for at administrasjonen på kommunehuset til kvar tid er kompetent.

Vi vil aldri få eit godt tenestetilbod med Jostein Aanestad som rådmann. Eit dårleg arbeidsmiljø vil halde fram. Han vil hemmeleghalde kritikkverdig informasjon. Han vil fortsetje trenere innsyn. Han vil halde fram med å unndra framtidige innbyggjarinitiativ. Og han vil halde fram med å gjere tilsetjingar basert på kjennskap og vennskap.

Difor er det no kommunestyret si plikt å avslutte arbeidsforholdet til Jostein Aanestad og tilsetje ny rådmann i åremålsstilling.