Nyhende

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på bærtur

Mykje tydar på at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane no får ein dask på lanken av Sivilombodsmannen. Fylkesmannen meiner at du ikkje kan krevje elektronisk kopi av eit offentleg dokument i redigerbart format.

Anne_Kristin_Eitungjerde
Anne Kristin Eitungjerde, juridisk sjef ved Fylkesmannen meiner du ikkje skal få redigere dokument frå offentlege organ. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Eg har fått offentlege dokument i redigerbart format hjå fleire organ. Redigerbare format gjev moglegheit til å produsere til dømes interaktive kart. Slik bruk er føremålet med offentleglova.

Excel-saka

Excel-saka handlar om at Lærdal kommune nektar gje innsyn i rekneskap i Excel-format.

Fylkesmannen gjorde i saka ein tabbe ved å sende ut pressemelding om at Lærdal kommune ikkje har sendt uriktige opplysningar om økonomisystemet. Noko dei har gjort.

For Fylkesmannen ser saka ut til å handle meir om å forsvare «tabben» enn å syte for at kommunane følgjer lovverket.

Eitungjerde har lenge hatt moglegheit til å leggje korta på bordet, og gjere om vedtaket. Dette vil ho ikkje.

I staden har ho gått over til ein strategi for trenering. Aller først meinte Eitungjerde det var det «tidkrevjande» å produsere dokumentet i Excel-format. Då dette vart motbevist, så endra Eitungjerde argumentasjonen:
[pullquote align=center]
Det bør tvert om gå fram av kopien at det er ein kopi, og det bør ikkje vere mogleg å redigere eller manipulere innhaldet i eit dokument som kjem frå eit offentleg organ.
– Anne Kristin Eitungjerde, juridisk sjef ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
[/pullquote]

Sivilombodsmannen har bede Eidtungjerde svare for dette, og korleis argumentet hamonerer med EØS-avtalens vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.

Svaret blir interessant.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane må svare på desse spørsmåla