Nyhende

Noreg bryt direktivet om vidarebruk av informasjon frå offentleg verksemd

Retten til innsyn i offentleg verksemd er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp, og har etter kvart vorte solid forankra i lovverk og praksis, både nasjonalt og internasjonalt.

Slik lyder den offisielle innleiinga til offentleglova. I tillegg vert det vist til nokre grunnleggjande omsyn:

  • demokratiomsynet, det at borgarane gjennom tilgang på informasjon kan få innsikt i samfunnsspørsmål, få betre grunnlag for å ta del i samfunnsdebatten, og bli aktive deltakarar i det demokratiske samfunnet vårt,
  • kontrollomsynet, at borgarane og media gjennom innsyn har høve til å kontrollere styresmaktene, og slik avsløre kritikkverdige og uheldige tilhøve, og
  • omsynet til rettstryggleik, gjennom at dei ulike aktørane kan skaffe seg kjennskap til forvaltningspraksis og grunnlaget for dette, noko som motverkar usakleg forskjellshandsaming og andre former for kritikkverdig bruk av makt og kompetanse.

Dei som har bede om innsyn etter offentleglova veit at dette er tøv. Det er liten eller ingen interesse for offentleglova i store delar av forvaltninga. Dei aller fleste strittar mot openheit og trenerer innsynskrav. Nokre trenerer innsynskrav i over eit halvt år. Først etter den lange ventida skal innsynskampen fortsetje hjå Fylkesmannen som klageinnstans. Seinare hjå Sivilombodsmannen.

Då har det gått lang tid. Veldig lang tid.

Eg meiner at Noreg må dømmast for brot på EU-direktivet om vidarebruk av informasjon frå offentleg verksemd. Tilstanden i dag er som om direktivet ikkje er implementert.

Offentleglova treng reviderast frå starten av. Vi må lage ei heilt ny lov bygd på EMK art. 10 som gjev klare «skal»-føringar. Departementet må utgje ein tydeleg rettleiar til den nye lova og samordne positive vedtak i eigen offentleg database. Dette for å hindre «lotto»-tilstandar. Det er fleire dømer der ein Fylkesmann gjev innsyn, medan ein Fylkesmann i anna fylke gjev avslag. Ein må forvente at identiske innsynskrav får same utfall. Slik er det ikkje i dag. I alle fall ikkje før saka hamnar hjå Sivilombodsmannen. I tillegg må det innførast ordning med dagbøter på 10 000 kr for å hindre trenering av innsynskrav.

Ideen om at like saker skal handsamast likt er langt på veg fjern.

Eit anna problem er låg kompetanse hjå Fylkesmenn. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har til dømes så låg IKT-kompetanse at dei ikkje evnar forstå sjølv enkle grunnleggjande begrep. Dette fører til at Fylkesmannen gjev avslag på saker Sivilomodsmannen gjev innsyn i.

Noreg er i dag eit lukka land der den offentlege sektoren strittar mot openheit og innsyn. Sektoren får òg god hjelp av Fylkesmennene til dette. Innsyn i offentleg sektor kan du berre gløyme, med mindre det er ei sak du kan opne og lese direkte i postjournal.

Sivilombodsmannen har bede Fylkesmannen i Sogn og Fjordane handsame alle sakene dei har gjeve avslag på innsyn i på nytt. Absolutt alle. Det seier litt om tilstanden hjå Fylkesmannen.

Kva skjer då med demokratiomsynet? Borgarane får ikkje informasjon til å delta i samfunnsdebatten. Heller ikkje omsynet til kontroll og rettstryggleik. Borgarane får aldri skaffe seg kunnskap om forvaltningspraksis og grunnlaget dette.

Borgarane har ingen moglegheiter til å skaffe seg kjennskap til former for kritikkverdig bruk av makt og kompetanse når dei ikkje får innsyn.

Lat meg minne om excel-saka i Lærdal kommune. Denne har kommunen trenert på i snart 1 år. Sjølv om Sivilombodsmannen har bede Fylkesmannen handsame saka på nytt, så har ikkje Fylkesmannen gjort det.

Til tross for fyldig dokumentasjon på korleis rapportar kan takast ut, så nektar både kommunen og Fylkesmannen vedkjenne det. Det tek mindre enn 30 sekund å gje innsyn. Likevel skal det trenerast i over eitt år.

Justisdepartementets rettleiar til offentleglova

Rettleiaren omhandlar unntaksføresegnene i den eksisterande lova. Det er unntaka som skapar dei fleste problema i praksis. Men til tross for rettleiaren, vedtak frå andre Fylkesmenn og uttalar frå Sivilombodsmannen – så får du innsynslotto hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Last ned rettleiaren til offentleglova her (0,99 MB).

Slik klagar du på innsyn etter offentleglova

Pressens offentlighetsutvalg har laga mange gode malar som kan brukast i klage. Ulempen er berre at du må vente i 7-8 månader på innsyn, først etter at Sivilombodsmannen har handsama saka.

Innsyn 2015 – Eksempelsamling over hemmeleghald i forvaltninga

Dette er ein rapport frå Pressens offentlighetsutvalg med eksempelsaker publisert 14. oktober 2015.

Rapporten viser også stoda om kor vanskeleg det er å få innsyn i dag. Her er dømer på journalistar i store etablerte medier som har venta i over eitt år på innsyn. Det positive er at fleire journalistar har fått pristildelingar for avsløringar av grov korrupsjon i det offentlege.