Nyhende

Klage til EFTAs overvakingsorgan ESA

Eg har tidlegare skreve om korleis offentleglova fungerer i Noreg. Offentleglova skal gjennomføre EU-direktivet om vidarebruk av informasjon frå offentleg verksemd (2003/98/EF). Men tilstanden i dag er som om direktivet ikkje er implementert.

Det er liten eller ingen interesse for offentleglova i store delar av forvaltninga. Dei aller fleste strittar mot openheit og trenerer innsynskrav. Nokre trenerer innsynskrav i over eit halvt år. Først etter den lange ventida skal innsynskampen fortsetje hjå Fylkesmannen som klageinnstans. Seinare hjå Sivilombodsmannen.

Dette kan umogleg vere føremålet med direktivet. Men det skal vi få svar på. Eg vil plukke ut eit par eksempelsaker frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Desse vert sendt EFTAs overvakingsorgan ESA saman med ein klage.