Nyhende

Sogndal-rådmann Jostein Aanestad vert etterforska av Kripos

Kripos har engasjert seg i etterforskinga av dødsfallet til ei 13-år gammal jente som var under Sogndal kommune sitt omsorgsansvar. Den kontroversielle Sogndal-rådmannen Jostein Aanestad er ein av dei som vert etterforska (Foto: Kripos/Flickr).

I «leikestativ»-saka frå 2006 vart leiinga dømd til 6 månader ubetinga fengsel for uaktsomt drap. Det var då høgsterett som fastsatte straffa.

Som kjent har det vore eit krevjande arbeidsmiljø i Sogn Barnevern over fleire år. Sogndal kommune har ikkje ville gje innsyn i rapportane. Eg fekk dei tilsendt på e-post frå Arbeidstilsynet. Rapportane stammar frå 2013-2015. Men det skal ha vore dårleg arbeidsmiljø heilt sidan 2012. Arbeidstilsynet varsla nytt tilsyn for tre månader sidan.

I følgje ein av rapportane har det aldri vore dårlegare arbeidsmiljø enn no. Fleire tilsette er sjukemelde på grunn av dårleg arbeidsmiljø. Nokre er fysisk sjuke som følgje dette.

Under tilsynet kom det fram ei rekkje konfliktar i Sogn Barnevern. Arbeidstakarar er utsett for trakassering eller annan utilbørleg oppførsel av leiinga. Vidare kan nemnast:[list type=star]

  • lite tid til opplæring av nytilsette
  • fleire etterlyser mangel på rettleiing i samband med saker
  • fleire gjev uttrykk for å sitte mykje åleine med tunge saker
  • nokre har opplevd avvising frå leiinga etter å ha spurt om hjelp

[/list]

Sogndal kommune kunne ikkje dokumentere ovanfor Arbeidstilsynet at det var sett i verk tilstrekkelige og nødvendige tiltak for å stoppe og førebygge dette.

Nrk Sogn og Fjordane omtala saka først. Her kom det fram at barnevernstenesta hadde neglisjert tallause oppmodingar frå dei biologiske foreldra og deira advokat.

Fleire tilsette i Sogn Barnevern ønskjer seg vekk derifrå. Årsaka er dårleg arbeidsmiljø, endelause konfliktar og låg motivasjon.

Godt arbeidsmiljø er leiinga sitt ansvar. I rapportane til Arbeidstilsynet kjem det fram at Aanestad ikkje har greidd etablere eit godt arbeidsmiljø. Arbeidstakarane har ikkje fått nødvendig opplæring og rettleiing i samband med saker. I tillegg har leiinga avvist arbeidstakarar som ber om hjelp til arbeidet.

Fleire seier til meg det er oppsiktsvekkjande at Aanestad fortsatt fungerer i stillinga som rådmann.