Nyhende

Sogndal-rådmann Jostein Aanestad har no fått blod på hendene sine

Ei 13 år gamal jente vart 4. februar funnen daud i senga si. Sogn Barnevern hadde neglisjert tallause oppmodingar frå biologiske foreldre og deira advokat.

Det har vore langvarig svikt i Sogn Barnevern grunna rådmann Jostein Aanestads manglande eigenskapar og evner til å etablere eit forsvarleg arbeidsmiljø. Fleire av dei tilsette har vore sjukmelde på grunn av dette. Arbeidstilsynet varsla tilsyn allereie i 2013, og nytt tilsyn i november 2015 sidan situasjonen ikkje hadde endra seg.

[pullquote align=center]
Det er stor risiko for at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng.
– Tilsynsrapport om Sogn Barnevern 2014
[/pullquote]

Fylkesmannen skreiv ein rapport om situasjonen i Sogn Barnevern i juni 2014. Der står det at det er stor risiko for at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng. Det kom fram i rapporten at fleire barn ikkje har vorte høyrde om korleis hjelpa dei får fungerer.

I februar 2016 fekk vi sjå resultatet frå Aanestads handtering av situasjonen.

System basert på kjennskap og vennskap

Ein av grunnane til at Aanestad aldri greier etablere eit forsvarleg arbeidsmiljø er at han gjer tilsetjingar på bakgrunn av kjennskap og vennskap. Det fører m.a. til at leiinga i kommunen er full av inkompetente mennesker som ikkje vil handtere slike situasjonar. Det dårlege arbeidsmiljøet har no som følgje Aanestad enda i fullstendig kaos.

[pullquote align=center]
Fleire seier noko om at det er lettare å gå på jobb etter at tenesteleiar er sjukemeldt.
– Tilsynsrapport, februar – april 2014
[/pullquote]

I eit av dei siste breva skriv Arbeidstilsynet at dei vil følgje situasjonen også i 2016. Dette skjedde etter at Verneombodet meldte inn «strakstiltak» og «strukturendringar» planlagt frå 1. februar 2016. Berre tre dagar etter at «strakstiltaka» vart innmeldt døydde ein person.

Hemmeleghald av varslingar om dårleg arbeidsmiljø

Eg bad om innsyn i fleire dokument som gjeld Sogn Barnevern i september 2015. Innsynskravet trenerte Aanestad i heile 134 dagar før oversending til Fylkesmannen. I sitt oversendingsbrev til Fylkesmannen 26.01.2016 skreiv Aanestad at han har fjerna dokumenta det vart bede om innsyn i «etter avtale mellom tilsette og rådmann».

Dette er å presse eigne tilsette til tausheit.

Jostein Aanestads vidare rolle i Sogndal kommune

Eg meiner at Aanestad har misleghalde stillinga si som rådmann ved fleire høve. Dette har vorte eitt av dei grovaste hittil. I følgje kommunelova § 22 er det kommunestyret som kan seie opp kommunen sin rådmann.

Eg vil difor rå kommunestyret opprette eit forhandlingsutval snøggast råd som gjennomfører sakshandsaming etter arbeidsmiljølova sine reglar, ved å m.a. kalle Aanestad inn til drøftingsmøte. Når drøftingsmøtet er gjennomført kan det fattast vedtak om å gå til oppseiing eller gje avskjed.

Vi vil aldri få eit godt tenestetilbod med Aanestad som rådmann. Eit dårleg arbeidsmiljø vil halde fram. Han vil hemmeleghalde kritikkverdig informasjon. Han vil fortsetje trenere innsyn. Og han vil halde fram med å gjere tilsetjingar i administrasjonen basert på kjennskap og vennskap.

Kommunestyret må byggje tillit til kommunen

Kommunestyret må byggje tillit til kommunen og sørge for at administrasjonen på kommunehuset til kvar tid er kompetent.

Difor er det no kommunestyret si plikt å avslutte arbeidsforholdet til Jostein Aanestad og tilsetje ny rådmann i åremålsstilling.

Dokument

Arbeidstilsynet varsla om tilsyn første gangen i 2013.