Nyhende Regionale utviklingsmidlar

Slik vert regionale utviklingsmidlar brukt i fylket

Regjeringa delar årleg ut milliardbeløp til fylkeskommunane. Midlane kjem frå statsbudsjettet kap. 551, post 60 og 61, og skal stø prosjekt som fremjar lokal samfunnsutvikling, sysselsetjing og næringsutvikling.

I Nordland gjekk midlar til kulturutvikling i tomme fjøs, pilegrimsvandring og jakt på kulturspor i gamle skogar.

Her får du sjå korleis Sogn og Fjordane fylkeskommue har gjort tildelingar i perioden 2013-2015. Det er gjeve 241,9 mill. kr i tilskot. I tillegg kjem ein ufordelt post på 132,2 mill. kr. Denne er i hovudsak rammetilskot til Innovasjon Noreg.

Fylkeskommunen står ganske fritt i tildelinga av midlar. Det er lagt nokre overordna føringar, som stortingsmelding nr. 25 samt føresegner og retningsliner.

Dei siste åra har regjeringa redusert potten og omdisponert midlane til samferdsels- og infrastrukturtiltak.

Slik vert midlane brukt i Sogn og Fjordane

Eg har visualisert fordelinga i Google kart. Grøn syner dei som får mest, medan raud får minst. Klikk på kommunane for meir informasjon.

Klikk her for stort kart

[column2]

Flora får mest

Dei to første kommunane Flora og Sogndal får like mykje som dei 22 siste kommunane.

Kommune
Flora 50 858 873 kr
Sogndal 42 073 621 kr
Førde 37 751 804 kr
Leikanger 18 409 568 kr

[/column2]

[column2_last]

Høyanger får minst

I den andre enden av lista er det ikkje løyvd mykje pengar til regional utvikling. Ei årsak kan vere at dei ikkje søkjer.

Kommune
Luster 870 299 kr
Årdal 450 000 kr
Vik 354 500 kr
Høyanger 255 022 kr

[/column2_last]

Fjordsti og elvepark i Sogndal

Mykje av dei regionale utviklingsmidlane i fylket er rammetilskot som kommunale næringsfond og omstillingsløyvingar. Samla har Sogndal fått ein god del til fjordsti-prosjektet.

Kjeldefiler

Nedanfor er grunnlagsmaterialet saman med KML-fil brukt i Google Fusion Tables.

kap. 551, post 60
kap. 551, post 61
KML-fil
Samla oversyn i excel-format