Nyhende

Sivilombodsmannen: Fylkesmannen må handsame Excel-saka på nytt

Saka handlar om at rådmannen i Lærdal kommune nektar gje innsyn i Excel-fil med kommunerekneskap. Innsynskravet gjaldt innsyn i rekneskapen for oppreisinga etter brannen på artsnivå.

Kommunen sendte ein PDF-rapport gruppert etter ansvar og art som syner samlesummar. Innsyn på artsnivå syner mykje meir opplysningar. I Excel-format kan ein sjå bilagstekst til kvart enkelt beløp. Avslaget til Lærdal kommune vart påklaga til Fylkesmannen, som seinare gav avslag.

Fylkesmannen påstod for eksempel i avslagsbrev at «kommunen har gjeve innsyn i opplysningane det er kravd innsyn i», og «klaga gjeld dei same opplysningane i Excel-format».

Vidare held Fylkesmannen fram med utgreiing basert på feilpresentasjon av saka.

Excel viser andre opplysningar enn PDF

Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt kommenterte saka i bladet Kommunal Rapport. Han stilte spørsmålsteikn til om PDF-versjonen av rekneskapstala er same dokument som samanstillinga i Excel.

Fylkesmannen skreiv i avslaget at «klaga gjeld dei same opplysningane i Excel-format».

Fylkesmannen påstod difor at PDF og Excel inneheld same opplysningar, og at innsynskravet soleis gjeld eit særskild format (altså Excel i staden for PDF, for same opplysningar). Men det er feil.

Eg kjenner for min del til økonomisystemet kommunane brukar. Eg har vore superbrukar på dette, og har helde kurs i korleis det skal brukast.

Sivilombodsmannen har no bede Fylkesmannen handsame saka på nytt.

Fylkesmannen er for rettstryggleiken som syfilis er for romantikken

Det som er klart er at Fylkesmannen har gjort dårleg juridisk arbeid i denne saka. I tillegg gjorde Fylkesmannen ein stor tabbe ved å sende ut pressemelding om at Lærdal kommune ikkje har sendt uriktige opplysningar.

Min dokumentasjon gjorde greie for at Lærdal kommune likevel har sendt uriktige opplysningar om økonomisystemet. Det blir dessutan interessant å sjå korleis Fylkesmannen handterer det vidare. Samt kva dei vil skrive i ny pressemelding.

Saka viser uansett at det er vanskeleg å ha tillit til det Fylkesmannen gjer. Du kan ikkje stole på at Fylkesmannen sine vedtak står seg juridisk.